Hopp til innhold

Einaste gongen Sogndal har slege Brann borte, var Tommy med - men han trur dei klarar det igjen

Sogndal har berre slege Brann éin gong før i Bergen. Det var i 2002, og då stod Tommy Øren for eitt av måla. Klarar sogningane same bragd fredag, susar dei forbi «storebror» Brann på tabellen.

Sogndal mot Brann

MYKJE MORO: Tommy Øren hugsar med glede fleire av kampane mot Brann.

Foto: Marit Hommedal/Rune Fossum / NTB Scanpix/NRK

– Vi vann 3-2, og det var ein god kamp for fulle tribunar. Festglade sogningar og fint vêr. Det er ein slik kamp som ein hugsar, seier Øren.

Sogndal og Brann er bygd mot by. Det er det næraste ein kjem eit Vestlandsderby, og kjenslene er ofte nesten utanpå når dei to laga møtest. Når sogndølene trekkjer det lengste strået over "storebror", så gler det litt ekstra.

– Det smakte godt. Brann er storby, og det er det næraste vi kjem eit lokalderby. Det er også noko spesielt med stemninga på Brann stadion. Eg håpar karane som skal ut i kamp på fredag får oppleve det, seier Øren, som no er trenar for Sogndal 2.

Kan bli fjerde gong Sogndal passerer Brann

Ifølgje sogndalfotball.no har Sogndal, sidan dei spelte sin første sesong i den øvste divisjonen i Norge i 1982, berre hamna over Brann på tabellen tre gonger før. Med siger i byn fredag, kan Sogndal plusse på den statistikken. Og slikt vil smake godt.

– Det er absolutt ei moglegheit for det, det er slett ikkje umogleg. Men kjenner eg Jonas Olsson rett, så tek han ein kamp om gangen. Men det betyr at det blir gjort ein god jobb rundt A-laget, og med to sigrar på dei to siste kampane, så kan ein trygt reise til Bergen med god sjølvtillit, seier Øren.

Han trur Sogndal har gode sjansar til å slå Brann.

– Vi veit at Brann er veldig solide heime, og dei slo Odd borte førre kamp. Men det kan slå positivt ut for Sogndal. Dei bør ha ein god del sjølvtillit, samtidig veit ein at det blir stor stemning, mykje sogningar, det er fredagskamp, så det er ei god moglegheit. Så er det opp til spelarane å prestere i dei 90 minutta på fredag, seier Øren.

Er året for å bryte barrierar

Ulrik Flo ser fram til fredagens kamp, og er heilt klar over statistikken.

– Det er spesielt. Det blir mykje folk, og det pleier å vere bra trøkk frå Sogndal-fansen når vi møter Brann på bortebane. Så dette er noko alle spelarane ser fram til, seier Flo.

Også han er klar på å jakte skalpar i byn.

– Vi har brote mange statistikkar i år som har tala i mot oss. Det verkar som om det er året for å bryte barrierar, og då hadde det smakt godt med siger over Brann borte, seier Flo.

Å sjå Sogndal over Brann på tabellen, er eit syn han gjerne ser.

Må rette blikket oppover

– Det hadde vore artig å komme over Brann. Det trur eg mange Sogndal-supporterar ville sett pris på, så det hadde vore kjekt å kunne glede dei med såpass, seier Flo.

Men han understrekar at kampen skal spelast, så det er ingen grunn til å ta sigeren på førehand.

– Vi må leggje motivasjonen i ei litt anna retning. Det er ikkje så ofte vi har kunne rette blikket oppover tabellen, men det kan vi no. Vi må vere offensive i hovudet. Tek vi pausar og trur vi har gjort jobben, så er det fort å hamne nedi der igjen. Jobben er ikkje gjort, seier Flo.