Hopp til innhold

Sjå JuleLutt direkte

I kveld kan du få oppleve JuleLutt i Høyanger - direkte i nett-TV og på radio frå klokka 18. Følg oss også på nettet gjennom kvelden.

Julelutt 2015 frå Høyanger

DIREKTE: Sjå Julelutt i nett-TV frå klokka 18:00. Merke gjerne bileta dine med #nrksf og #nrkjulelutt.

For det er klart for årets musikkgalla frå Sogn og Fjordane. Om lag 50 musikarar samlast på scena i Høyanger for å gi deg ein konsert du aldri har opplevd før.

Hydro har sagt ja til at ein del av aluminiumsverket blir bygd om til konsertarena. Dette har aldri vore gjort før, og det er sikkert også siste gong dette vil skje.

#nrkjulelutt

Skal du på konserten i kveld? Del gjerne bileta dine med #nrksf og #nrkjulelutt på Instagram.

På TV og radio

Dei 700 billettane til den unike hendinga er utselde, men det er framleis sjanse å få med seg alt som skjer inne i anodemontasjen i Høyanger.

For NRK Sogn og Fjordane sender konserten direkte på nett-tv og NRK P1 i Sogn og Fjordane frå klokka 18.

NRK1 skal også sende eit redigert opptak av konserten på NRK1 i romjula.

Ein umogleg konsert

Arrangørar og arbeidarar på konserten ved Hydro

Prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane gler seg veldig til NRK Julelutt frå aluminiumsverket i Høyanger.

Foto: Arve Ullebø

Vi gler oss meir enn vi klarar å beskrive. Dette er ein konsert som eigentleg var umogleg å få til. Men Hydro har klart å finne løysingar som gjer at vi likevel får lage dette eventyret, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Konserten er avslutninga på Høyanger si feiring av 100 år som industristad.

Vestlandsrevyen

Det blir også oppkøyring til konserten på NRK Sogn og Fjordane frå 14–17 denne dagen, der du får møte både artistar og andre som er i hektisk innspurt før konserten.

Vestlandsrevyen kjem også til å kome inn direkte frå konserten i Høyanger denne kvelden.

Odd Erik Lothe på lydprøvane til JuleLutt

LYDPRØVAR: Her er Odd Erik Lothe står på scena for å teste lyden.

Luttprisen og minidokumentar

I tillegg til dei mange musikarane som skal på scena, vil konserten også innehalde eit historisk blikk på 100 år med industri i Høyanger. NRK Sogn og Fjordane har plukka fram gamle filmklipp og møtt personar som har hatt verket som arbeidsplass. Dessutan vert Luttprisen delt ut til årets artist frå Sogn og Fjordane.