Hopp til innhold

Gullhåpa fortalde om vegen til norgestoppen i NM-showet frå Vik

Aldri tidlegare har Sogn og Fjordane hatt fleire medaljekandidatar enn før NM i terrengløp i Vik. Sjå dei fortelje den spennande historia om korleis dei nådde noregstoppen.

Gullhåpa fortell om vegen til norgestoppen i NM-showet frå Vik

BLI KJENT MED GULLHÅPA: Karoline Holsen Kyte frå Førde og Eli Anne Dvergsdal frå Jølster er to av dei lokale løparane du får møte i kveld.

Førdianarane Karoline Holsen Kyte og Marius Vedvik og jølstringane Eli Anne Dvergsdal og Eivind Øygard er alle kandidatar til å ta medaljar i noregsmeisterskapen i terrengløp i Vik laurdag.

I kveld startar meisterskapshelga med eit direktesendt NM-show. Der er denne løpssterke kvartetten frå Sunnfjord og fylkets beste tikjempar Henrik Holmberg frå Vik gjester.

Dei fortel om ein spennande og – for fleire av dei – uvanleg kamp for å nå noregstoppen. Programleiar er Noralv Pedersen.

NM-show frå Vik
Foto: NRK / NRK