Kraftkaren frå Naustdal har droppa alle konkurransar sidan NM i mars, og har siste sjanse til å nå OL-kravet på 410 kg under Stian Grimseth Cup.
– Kravet er tøft og det skal det vere. Men gjer eg eit godt stemne kan det gå, seier Grimseth.
Eit mareritt
Karrieren til Stian Grimseth har vore som eit mareritt etter dopingskandalen i OL for snart fire år sidan. Utestenging og skader har gitt minimal konkurransetrening for kraftkaren som ikkje har vore nær OL-kravet på 410 kg dei siste fire åra.
Nøkkelen til OL-billett for Stian Grimseth er i rykkserien der han truleg må ha opp minst 190 kg – fem kg under personleg rekord – for å klare OL-kravet.
OL-meister
Grimseth konkurrerer mellom anna med verdsrekordhaldar og regjerande OL-meister Hossein Reza Zadeh under OL-kvalifiseringsstemnet i Førde i morgon.