Den dopingdømde amerikanske symjaren Kicker Vencill fekk tidlegare i vår ei erstatning på nesten fire million kroner frå ein produsent av forureina kosttilskot.
Idrettspresident Karl-Arne Johanessen seier til VG at idrettsforbundet no på ny vil vurdere å bli med på laget som går til rettssak mot den amerikanske produsenten Universal Nutrition.
Stor styrke
Stian Grimseth og advokaten hans, Morten Steenstrup, har også tidlegare oppfordra idrettsforbundet om hjelp og støtte - men då med negativt resultat.

Stian Grimseth åt kosttilskotet Ribose før OL i 2000.
- At idrettsforbundet no vurderer å ta del, er ei veldig stor styrke for saka. Så eg er svært glad viss dei går inn på det, seier Grimseth.
Stian Grimseth måtte sone seks månader utestenging frå idretten etter at den opprinnelege domen på to år vart redusert av domsutvalet i idrettsforbundet.
Truleg rettssak i haust
Kampen mot kosthaldsprodusenten ser no ut til å nærme seg rettssalen, og der vil det vere godt å ha det nasjonale idrettsforbundet og den olympiske komiteen i ryggen.
Når dei siste etappane i rettsapparatet går, er framleis ikkje endeleg avklara.
- Eg har ikkje fått nokon dato enda, men det blir truleg til hausten, trur Grimseth.