Hopp til innhold

Sirkus vart stoppa i kontroll

Fem vogntog tilknytt Cirkus Agora fekk køyreforbod grunna grove manglar på lys, feil på bremser og mangel på bombrikke.

Jan Ketil Smørdal på generalprøva

FEKK BOT: Sirkusdirektør Jan-Kjetil Smørdal fekk sjølv bot for manglande bombrikke, mens fem av vogntoga som er tilknytt sirkuset fekk køyreforbod i samband med ein kontroll laurdag føremiddag.

Foto: Privat

Det vart bom stopp for fem av vogntoga som er tilknytt Cirkus Agora då Statens vegvesen hadde kontroll på Fodnes ferjekai i dag.

Torgeir Bang

FARLEG: Overingeniør og kontrollør i Vegvesenet, Torgeir Bang, synest det er skummelt at fem av vogntoga til Cirkus Agora køyrde utan lys og at to av bilane hadde dårlege bremser.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Eg synest det er skummelt at folk vel å køyre med så dårleg utstyr, seier overingeniør og kontrollør i Vegvesenet, Torgeir Bang.

Han var med og gjorde trafikkontrollen i dag, og kan fortelje at vogntoga ikkje hadde køyrelys eller bremselys bak.

– Å køyre utan lys bak på bilane gir høg risiko i tunnelar, seier Bang.

Tok fire timar å ordne

Torgeir Bang i Vegvesenet fortel at dei som vart stoppa sjølve sa at alt var i orden då dei byrja å køyre. Her stiller han seg noko undrande.

– Feila var alvorlege og ut frå kva eg såg så var det ikkje enkle feil. Dei brukte fire timar på å ordne lysa. Då fekk fire lastebilar køyre vidare. Den femte måtte bli ståande, seier han.

Meier dei følgjer trafikkreglane

– Det har alltid vore noko styr med sirkus, men vi følgjer trafikkreglane, seier sirkusdirektør Jan-Kjetil Smørdal.

Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal

I ORDEN: Sirkusdirektør Jan-Kjetil Smørdal seier at bilparken til Cirkus Agora er i orden.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han seier at vogntoga som blei stogga ikkje er Cirkus Agora sin eigedom.

– Vår bilpark er i orden, seier sirkusdirektøren.

– Men kva tenkjer du om at artistar som er tilknytt sirkuset køyrer i bilar som ikkje er godkjende på vegane?

– Altså, det blei jo retta opp der og då. Vi har dyktige mekanikarar og dei fekk jo køyre vidare, seier Smørdal.

Han fekk sjølv ei bot på 8000 kroner fordi bilen hans mangla bombrikke.

– Det er eg fullstendig klar over. Brikka er bestilt, men har ikkje kome endå. Vi undersøker årsaka til kvifor den manglar no. Det kan jo hende at bompengeringen i Bergen har gjort ein feil, seier Smørdal.

LES OGSÅ: Overraska flyktningeborna med sirkus

Rakk førestillinga i Øvre Årdal

Sirkuset var på veg til Øvre Årdal for å ha førestilling der då dei blei stogga. Torgeir Bang i Vegvesenet seier han håper dei rakk fram i tide.

– Vi vil ikkje stoppe eit sirkus. Vi vil berre ha det trygt på vegane våre, seier han.

Og Bang vil også gi sirkusgjengen litt honnør.

– Det skal dei ha. Dei forstod problemet, var kreative og stod på for å få ordna ting.

Frå forestellinga til Cirkus Agora, 2017

SHOW: Dette er noko av det ein kan få oppleve i årets førestilling med Cirkus Agora.

Foto: Cirkus Agora

Ein glad mann

Smørdal er glad for å få nokre rosande ord frå Vegvesenet. Sett bort frå problem med køyretøya som er tilknytt sirkuset er han stort sett ein glad mann for tida.

– Det går kjempebra på turne. Eg har aldri hatt det så bra i livet. Det var fullt hus i går i Hermansverk, fullt i Gaupne og fullt i Vik. Det er topp. Og publikum er kjempenøgde, seier Smørdal.

– Er sikkerheita betre for utøvarane i sirkuset enn på vegane?

– Overhovud ikkje. Vi fekk faktisk ros frå vegvesenet for å køyre varsamt i dag. Vi set sikkerheit i høgsete og gjer så godt vi kan. Så håper eg at alt går bra, avsluttar Smørdal.

LES OGSÅ: Dødsulukke for Cirkus Agora