Tre personar er sende til Molde sjukehus med skadar. Tilstanden for desse tre er stabil, opplyser operasjonsleiar Harald Meland ved Nordmøre og Romsdal Politidistrikt.
- Årsaka til utforkøyringa er førebels uklar, seier Meland.
Lastebilane velta, og ein person kom i klem. Vedkomande vart erklært død på staden. Truleg var ingen av dei involverte nordmenn.
- Vi vil no føreta vitneavhøyr og undersøke køyretya teknisk, seier Meland.
Jan-Kjetil Smørdal er balansekunstnar i tillegg til å vere sirkusdirektør. (Arkiv NRK)
- Forferdeleg og tragisk
Sirkusdirektør Jan-Kjetil Smørdal sier dette er ein svært trist dag for sirkuset.
- Dette er heilt forferdeleg og tragisk, det er det verste som har skjedd dei 17 åra eg har vore eigar og direktør for Cirkus Agora. No er vi heilt lamslått, seier Smørdal.
I følgje Smørdal mista føraren av ein semitrailer herrdømmet over bilen på grunn av glatt føre. Ein mann gjekk ut for å stoppe trafikken, og det var han som kom i klem og døydde.
Smørdal har besøkt dei skadde på sjukehuset, og kan fortelje at dei tre er lettare skadd.
Dødsulukke også i 2002
Også for tre år sidan var siruset med base i Eid involvert i ei dødsulukke i Møre og Romsdal. Sjå "Agora-direktør i ulukke ".
Den gongen var direktør Jan-Ketil Smørdal sjølv sjåfør.