Hopp til innhold

Sirkus får ikkje arbeidsløyve til artistane

Ingen av dei utanlandske artistane til det vesle sirkuset Zorba frå Kristiansund fekk arbeidsløyve. Sirkuset har difor måtte legge heilt om showet i siste liten.

Cirkus Zorba

Cirkus Zorba frå Kristiansund har premiere til helga. Dei fekk ikkje arbeidsløyve for dei åtte artistane som skulle opptre og måtte få på plass andre frå EU-land.

Foto: Per Kvalvik

Eit typisk vårteikn er når sirkusa kjem på vegen. Det er blitt stadig færre sirkus i Noreg, men i Kristiansund er Cirkus Zorba snart klar til turne. Showet dei skal opptre med, ser slett ikkje ut slik dei trudde for nokre månader sidan. Planen var å hente inn åtte artistar frå Etiopia, Ukraina og Kasakhstan, men alle desse fekk avslag frå UDI på søknaden om arbeidsløyve.

– Eg har vore i kontakt med mange andre sirkus og tivoli som har slite ekstremt med å få inn artistar som kjem utanfrå EU i år. No sit det hundrevis av ukrainske artistar i heimlandet sitt utan jobb, seier sirkusdirektør Ronja Gujord.

Ronja Gujord

Ronja Gujord er direktør i Cirkus Zorba. Ho vart overraska over avslaga frå UDI.

Foto: Arne Flatin / NRK

Gav nesten opp

Å klage på avslaget løyser ingen problem for Cirkus Zorba. Det tar fleire månader og då er sirkussesongen over. Gujord måtte starte ringerunden for å finne nye artistar med europeiske pass.

– Det var eit punkt då eg nesten gav opp fordi eg trudde det ikkje var fleire artistar å ta av, men i siste liten fann vi eit heilt nytt show, seier Gujord. Artistane som skal ut på vegen saman med Cirkus Zorba allereie fredag kjem frå Tsjekkia, Tyskland og Finland.

Sirkusdirektøren har hatt pause frå sirkuslivet i to år og visste ikkje at styresmaktene har blitt så strenge. Ho veit ikkje om det skuldast asylsituasjonen i Europa.

– Det kom som eit slag i ansiktet, seier Gujord.

LES OGSÅ:

Kjent utfordring

Jan Ketil Smørdal

Jan Ketil Smørdal er røynd innan sirkusbransjen.

Foto: Larsen, Annemor / VG

Jan Ketil Smørdal, direktør i Cirkus Agora, har lang erfaring frå bransjen og kjenner godt til problemstillinga.

– Dette har vore ei utfordring i lang tid. Det er så komplisert at vi har brukt juristar for å ta oss av sakene, seier Smørdal. Hans erfaring er at UDI brukar lang tid på saksbehandling og at ein må velje artistar frå EU-område dersom ein ikkje har startar prosessen tidleg nok. Sirkus Arnardo, som er landets største sirkus, seier til NRK at dei ikkje har desse problema.

Vurderer om artistane vil reise heim igjen

NRK Møre og Romsdal har spurt UDI om praksisen med å gje arbeidsløyve for artistar som ikkje tilhøyrer EU er stramma inn, og om styresmaktene fryktar at artistane skal bli igjen i Noreg etter at sirkussesongen er over.

UDI avviser at det er vanskelegare enn før, og skriv i ein epost at på generelt grunnlag: «I vurderingen av om oppholdstillatelse kan gis, er det derfor et sentralt vurderingstema om det er sannsynlig at søkeren vil forlate Norge ved tillatelsens utløp, dersom vedkommende ikke har annet grunnlagt for videre opphold i Norge. I denne vurderingen vil både individuelle forhold ved søkeren og generelle forhold i søkerens hjemland være av betydning.»

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL