Hopp til innhold

Sikring av dammar vil koste kraftselskapa milliardar

Kraftselskapa må bruke milliardar på å sikre damanlegga mot flaum og eit tøffare klima i framtida. Grunnen er at NVE fryktar katastrofale følgjer dersom demningane skulle breste.

Vesterdalsdammen

SKAL UTBETRAST: I Aurland skal E-co Energi gjere utbetringar ved Vesterdalsdammen (på biletet) og Langevatnet.

Foto: Aerosport Norge -aero.no / Aerosport Norge

Berre i Aurland må E-co Energi bruke fire til fem hundre millionar på utbetringar dei neste ti åra. Det meiner prosjektleiar Alf Bjarne Hjelle er bortkasta pengar.

– Det er rett og slett pengar som vi kastar rett ut vindauget, seier Hjelle.

Han er prosjektleiar for utbetringane som no må gjerast ved tolv av E-co Energi sine damanlegg i Aurland. Utbetringar han meiner ikkje er naudsynte.

– Dammane er sikra slik som dei er i dag, seier Helle.

Ventar tøffare klima

I 2010 kom nye og strengare krav frå NVE som gjer at alle kraftselskapa no må forsterke sine anlegg.

Ein av grunnane er at dei forventar eit tøffare klima i framtida. Dersom demningane skulle breste, vil det å katastrofale konsekvensar, seier Ingunn Åsgard Bendiksen, avdelingsdirektør for tilsyn og beredskap, i NVE.

– Vi har om lag 3.300 dammar. Dei er kategoriserte i fem konsekvensklassar. Høgste klasse er dammar som vil gå ut over meir enn 150 bueiningar og omfattande infrastruktur, dersom dei ryk. I norsk målestokk vil det vere enorme konsekvensar, seier Bendiksen.

For å stå i mot dei auka påkjenningane er det stilt større krav til dammane sin kapasitet til å avleie vatn ved flaum og fleire demningar må forsterkast. For kraftselskapa er kostnadane enorme.

– For E-co snakkar vi om mellom 400 og 500 millionar kroner, seier Helle.

Har berre fokus på konsekvensar

I Luster er Statkraft i ferd med å utbetre to damanlegg til ein samla pris på 150 millionar kroner. Prosjektleiar Ingrid Buvarp Aardal er einig i at krava i enkelte tilfelle kan vere for strenge.

Vi har om lag 3.300 dammar. Dei er kategoriserte i fem konsekvensklassar. Høgste klasse er dammar som vil gå ut over meir enn 150 bueiningar og omfattande infrastruktur, dersom dei ryk. I norsk målestokk vil det vere enorme konsekvensar.

Ingunn Åsgard Bendiksen, avdelingsdirektør for tilsyn og beredskap, i NVE

– Men det er ein grunn til at NVE har det regelverket som dei har. Dei skal ivareta tredjeperson, seier Aardal.

Det er den klassiske konflikten mellom sikkerheit og lønsemd. For NVE er det berre det første som betyr noko.

– Damtryggleiksreguleringa har berre fokus på konsekvensar av eit dambrot. Der vert ikkje tryggleiken sett opp mot kostnadar, seier Bendiksen.

Meiner krava er naudsynte

At fleire dammar no treng utbetringar samstundes, seier ho skuldast ei eldrebølge blant kraftanlegga i Norge.

På same tid viser utrekningar at vi vil få meir nedbør og eit tøffare klima. Det må regelverket ta høgde for, meiner ho.

– Det er klart at damtryggleik kostar pengar for eigarane. Men vi meiner at dei krava som vert stilte til damtryggleik er naudsynte, og at dei er tilpassa det tryggleiksnivået som må vere ut frå dei konsekvensane det har dersom det skjer noko med dammane, seier Bendiksen.