Hopp til innhold

Set i gang tiltak etter svovelutslepp

Laurdag la ei gul sky av svovel seg over Årdalstangen. No lovar fabrikksjefen betring.

Utslepp i Årdal

TEK TAK: Fabrikksjef Wenche Eldegard for Hydro i Årdal seier dei tek svovelutsleppa på alvor.

Foto: Privat

Vi har sett ned ei gruppe som skal finne ut av kva som kan gjerast. Vi skal ikkje vere så sårbare, seier fabrikksjef Wenche Eldegard til porten.no.

Nettavisa i Årdal har snakka med folk i bygda som seier at den gule røyken starta å stige laurdag ettermiddag og heldt fram til midnatt. Også søndag skal det ha vore eit nytt utslepp, noko kortare denne gongen. Utsleppa skal ha ført til at det har vore problem å sitje ute. Reinseanlegget skal ha svikta tre gonger på to veker.

Eg har full forståing for at folk på Årdalstangen blir irriterte og frustrerte. Det er særs uheldig at dette har skjedd tre gongar på kort tid, seier Eldegard til avisa.

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Norsk Hydro seier til NRK at det var ein feil som gjorde at reinseanlegget måtte stengast ned til feilen var utbetra.

– I den perioden gjekk det ureinsa røyk til lufta. Det var dette naboane la merke til på Årdalstangen. Røyken inneheld svovel som er gulfarga og som luktar. Difor er det lett å kjenne han att.

Molland seier dei har utsleppsløyve og at den konsentrasjonen som blei sleppt ut, ikkje er farleg. Utsleppsløyvet går over tid, og Molland seier at eit stopp i reinseanlegget på nokre timar gjer at dei er innanfor løyvet.

– Men det er jo ubehageleg lukt, og vi har forståing for at naboane rundt anlegget reagerer på det. Det skal ikkje ver slik, og difor vi har reinseanlegg som skal ta seg av denne gassen.

Gruppa som er sett ned skal sjå nærare på korleis reinseanlegget kan komme raskare i drift og at det ikkje er så sårbart for feil som det er vist seg å vere.

– Det har vore fleire feil som er uavhengig av kvarandre, men effekten for dei som bur rundt er lik.