Hopp til innhold

Sesongkorta fekk bein å gå på - utan å dumpe prisen

Mange vil følgje Sogndal Fotball i jakta på ein historisk femte strake sesong i Eliteserien. Sesongkortsalet har auka ti prosent i høve same tid i fjor.

Saftkokaradn jublar for siger heime mot erkerivalen Brann

JUBEL: Mange har allereie byrja å bu seg på nye jubelscener på Fosshaugane. – Mange som har sesongkort på dei beste stadane er tidleg ute for å fornye desse for å sikre seg gode plassar også neste år, seier IT- og medieansvarleg Eldar Skjeldestad Åsebø.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tre månader før fotballsesongen sparkar i gang, har Sogndal selt 1.650 sesongkort. Det er medrekna sesongkort som klubben har sendt ut til sponsorar og samarbeidspartnarar.

Eldar Skjeldestad Åsebø

STAS: Eldar Skjeldestad Åsebø tykkjer det er stas at klubben kanskje kan passere 2.000 selde sesongkort for første gang.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Salet starta 10. desember, og har gått ti prosent betre enn i fjor.

– Det tykkjer vi er topp. Men det viser at vi har trufaste følgjerar som vil følgje med oss vidare, og at det er fleire og fleire som heng seg på. Vi har skrive ut ein del nye kort, seier IT- og medieansvarleg Eldar Skjeldestad Åsebø.

– Og det er utan å dumpe prisane?

– Det er utan å dumpe prisane. Med unntak av eitt felt, der vi har auka prisen litt, så har vi same pris som i fjor.

Dumpar prisane i aust

Eliteserien opplevde førre sesong det lågaste tilskodartalet på ti år . Det sjuande strake året med sviktande publikumsoppmøte resulterte i eit snitt på 6.831 tilskodarar for dei 240 kampane.

Fredag fortalde TV2 at både Lillestrøm og Vålerenga har dumpa prisane for ein periode for å trekkje supporterar tilbake til tribunen. Lillestrøm har selt nær dobbelt så mange sesongkort som på same tid i fjor, medan Vålerenga selde nær 1.200 på ein kveld. Også Odd Grenland har merka oppsving etter å ha dumpa prisane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bolseth
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Rosenborg derimot har gjort som Sogndal. Dei har ikkje auka prisen på lang tid, men har likevel selt 30 prosent fleire sesongkort enn på same tid i fjor.

I fjor selde Sogndal vel 1.900 sesongkort.

– Vi håpar å nå 2.000 selde sesongkort for første gong. Det hadde vore kjempeflott, seier Skjeldestad Åsebø i Sogndal Fotball til NRK.no.

Nedgang også for Sogndal

Også Sogndal opplevde sviktande publikumstal i 2013. Snittet enda på 3.380, mot 3.659 året før. I 2011 var snittet 3.181.

– I 2012-sesongen fekk vi ein litt kunstig oppsving første året med nytt konsept på familietribuna. Så var det litt tilbake mot normalen med nedgang på sju prosent førre sesong, seier Skjeldestad Åsebø.

– Med ti prosent auke allereie no, trur du det blir høgare snitt på Fosshaugane i år?

– Vi håpar jo det og det vil kanskje vere ein liten samanheng der. Men det kjem jo an på om auken held fram, for det kan fort jamne ut seg. Og så er det jo tilleggsalet til kvar einskild kamp.

Kjøpte seks-sju sesongkort

For andre gang i historia går Sogndal mot sin fjerde strake sesong på øvste nivå i norsk fotball. Jakta på den historiske femte sesongen kan vere ei medverkande årsak til auken.

– Det spørst jo om vi klarer det, og det er sikkert det folk vil vere med på. Men så har nok også folk oppdaga at dei tener litt på å kjøpe sesongkort, kontra å kjøpe fullprisbillett til kampane, seier Skjeldestad Åsebø og held fram:

– For mange er det ikkje resultata det står på, men vi har ei hard kjerne som kjøper før jul. Vi har hatt ein del som seier det er «årets julegåve til meg sjølv», men eg trur nok sesongkortet har ligge under ein del juletre i år.

– Vi har faktisk hatt folk innom som kjøper seks-sju sesongkort til seg sjølv og familien. Det er jo berre stas det, avsluttar han.