Tilskodartalet i eliteserien har nemlig gått ned for sjuande året på rad, og er no det lågaste på 10 år.
6831 tilskodarar besøkte i snitt dei 240 kampane i eliteserien som vart avslutta søndag. Lågare har det ikkje vore sidan 2003, då gjennomsnittet var 6513.
– Eg trur hovudårsaka er at eliteseriefotballen er seld som eit tv-produkt dei siste åra, og det har gått utover opplevinga på tribunane, seier Bjørnar Posse Sandboe til NRK. Han er talsmann for Norsk Supporterallianse – paraplyorgangsasjonen for supporterklubbane i norsk fotball.
– Når fotballen blir spreidd over så mange tidspunkt som det vi har sett, blir det vanskelegare for publikum. Fellesskapskjensla som låg i at det meste av runden vart spela søndag kl 18, er redusert, seier Sandboe.
Han trekkjer også fram at når klubbane frå dei største byane ikkje gjer det godt, vil det merkast på tilskodartalet. Men han trur ikkje det er hovudårsaka.
– Det kan godt hende at publikumsoppslutninga på det beste var kunstig høg i høve til folketalet. Men utviklinga er uheldig uansett.
– Kva kan norsk fotball gjere for å snu utviklinga?
– Å ta tribuneopplevinga meir i betraktning når fotballen skal seljast, og ikkje berre sjå på inntektene. Det trur eg er nøkkelen, seier Bjørnar Posse Sandboe.
Kvar tredje tilskodar er borte
Sidan toppåret i 2007 har 3691 tilskodarar blitt borte frå kvar einaste kamp i eliteserien. Det er ein nedgang på over 35 prosent, det vil seie at meir enn kvar tredje som gjekk på kamp for seks år sidan, har halde seg vekke i år.
Sidan i fjor er nedgangen på 2,2 prosent.
Det er ei utvikling som er stikk motsett av det vi finn på nivå 2. I 1. divisjon har publikumstalet auka med 6,4 prosent sidan i fjor, og har også auka jamt og trutt alle dei tre siste sesongane.
Administrasjonssjef Boye Skistad i Norsk Toppfotball er ikkje uroa over interessa for norsk fotball, men han ser problemet med at det blir færre på tribunane.
– Vi ser at interessa er stor totalt sett, ikkje minst ser vi det gjennom sosiale media. Men sjølvsagt ville vi helst hatt flest mogeleg av dei inne på arenaene – både for å skape stemning og for at klubbane skal tene mest mogeleg på sal. Derfor er det ikkje gunstig med den tendensen vi har hatt dei siste åra, seier Skistad til NRK.
Vurderer prissettinga
– Kva kan gjerast for å snu utviklinga?
– NFF og vi er i ferd med å ta nokre grep, mellom anna med prissettinga. Vi vil ha familiesegmentet tilbake i større grad, og vi vil utvikle den teknologiske delen for å nå fram til yngre grupper. Dette er saker vi jobbar med.
– Med prissetting, meiner du då i klartekst at det er for dyrt å gå på kamp i dag?
– Det kan det vere. Vi ser på ulike former for prisdifferensiering, mellom andre løysingar. Dette er noko vi jobbar med, seier Skistad.
– Supporteralliansen meiner spreiinga av kamptidspunkt er ei sentral årsak til tribunesvikten. Er det aktuelt å gjere noko med?
– Der ligg sterke føringar i kontraktane der. Men vi ser også på tidspunkta og er i løpande dialog med tv-selskapa, seier Boye Skistad.