Hopp til innhold

Sesongdebuterte med ny personleg rekord

Tre år etter at han sist persa på ein sprintdistanse gjorde Øyvind Strømmen Kjerpeset sitt livs løp så 60-meter innandørs. Så kasta han inn handkledet.

Øyvind Strømmen Kjerpeset sprang inn til 3.plass upå 400 meter i innandørs-NM.

JUBEL: Her jublar Øyvind Strømmen Kjerpeset for bronse under 400-meteren i innandørs-NM i 2016. I år vil ha ta gullet på 200-meter.

Foto: Anne Rognerud

– Eg sleit litt med hamstringen for nokre veker sidan og etter løpet kjende eg at eg berre var 99 prosent restituert. Då valde eg å ikkje ta risikoen, men hadde det vore meisterskap så hadde eg nok gjort det. Ein må vurdera risiko opp mot mogeleg vinst, seier Kjerpeset til NRK.

Tida han sprang på under Indoor Florø var 6,90 sekund. Det er ei forbetring av hans personlege bestenotering med to hundredelar.

  • Les også: Sette ny personleg rekord på 100 meter - men meiner han har mykje meir inne

Stjernefall

Før stemnet i Florø var det knytt stor spenning til duellane mellom Øyvind Strømmen Kjerpeset, Jaysuma Saidy Ndure og Karsten Warholm på 60- og 100-meter. Den duellen fekk publikum aldri sjå, for både Ndure og Kjerpeset måtte kaste inn handkledet etter forsøksheatet.

– Jays fekk ei føling i lysken og derfor valde han å gje seg etter forsøket, seier stemnesjef Rune Osa.

Med det var bordet dekka for Warholm, vann både 60- og 100-meter, med ny personleg rekord. Han avslutta 100-meteren på 10,49 sekund.

– Eg var imponert over 60-meteren hans på 6,75, men 100-meteren skremde meg ikkje. Det hadde blitt jamt med begge på startstreken, seier Kjerpeset.

På førehand hadde Vladimir Vukicevic uttalt at han gjekk for ny norsk rekord innandørs, men også han måtte gje seg etter eitt heat grunna ein ryggskade. Med det var tre av dei største stjernene ute av konkurransen.

– Det er kjedeleg, men slik er det, seier Osa.

Sommer-OL i Rio 2016

VANN: Karsten Warholm sette fleire norgesrekordar på 400-meter-hekk i fjor, og starta den nye sesongen med nye personlege rekordar på 60- og 100-meter.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Går for NM-gull

Ein viktig årsak til at Kjerpeset valde å gje seg etter eit heat i dag er NM innandørs som går neste helg i Ulsteinvik.

– Der skal eg springe 200-meter og målet er å springa ned mot 21-blank. Det kan halde til gull, seier Kjerpeset.

Tidlegare har han satsa på 400-meter-hekk og var den første i Norge som sprang under 50 sekund på distansen. No skal ha satse hardare på sprint, i alle fall innandørs.

– Eg skal satse på sprint innandørs, og så har eg ikkje bestemt meg for kva eg gjer når utandørssesongen byrjar, seier Kjerpeset.

Han reknar 200-meter som sin sterkaste distanse av sprintøvingane, men den distansen står ikkje på EM-programmet i Beograd, tidleg i mars.

– Det er synd, og kravet på 60-meter er 6,72. Det veit eg ikkje om eg klarar, då eg er betre på 100 og 200. Men klarer eg det så reiser eg, seier han.