Hopp til innhold

Sesay får ikkje svar på asylsøknad

Sogndalsspelaren Mohamed Sesay må truleg ut av landet.

Mohamed Sesay
Foto: Arve Uglum / NRK

– Me har ikkje fått noko vedtak på asylsøknaden til Sesay frå UDI. Han vert dermed ikkje speleklar til vårsesongen, og må truleg ut av landet, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling til Sogn Avis .

Prøver å få Sesay klar til hausten

Søknaden måtte blitt godkjend innan overgangsvindauget stengjer onsdag 31.mars for at midtbanespelaren frå Sierra Leone skulle ha vorte speleklar.

Sogndal sjekkar no ei løysing der han reiser heim til Sierra Leone, for deretter å søkja vanleg arbeids- og opphaldstillatelse i Noreg.

I så fall vert han speleklar til haustsesongen.

– Me må foreta oss noko, og vurderar å prøva denne metoden. Regelverket rundt dette er ganske vanskeleg, så me har ikkje bestemt kva me gjer enno, seier Fylling til avisa.