Hopp til innhold

Ser ny optimisme - seks år etter

HØYANGER (NRK): Då felgprodusenten Fundo gjekk over ende, var det dramatisk for Høyanger. Først no – seks år seinare – er det lys i enden av tunnelen.

Petter Sortland og John Inge Skrede i lakkeringshallen til Saint Jean Wheels

NY OPPTUR: John Inge Skrede viser Petter Sortland rundt i produksjonshallane til Saint Jean Wheels. Her kjem snart nye felgar til lakkering.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vallogo

– Dette er det første Audi-hjulet som vi skal byrje å levere no, seier John Inge Skrede.

Han viser fram det som er eit prestisjeprosjekt for felgfabrikken i Høyanger: Det splitter nye hjulet som skal pryde Audi sin sportsmodell S5.

For – det er igjen teikn til liv i fabrikken. No under namnet Saint Jean Wheels.

– Det er ikkje nokon direkte veg til himmelen. Men det går stadig framover. No har vi konkrete kontraktar og avtalar, og det er opp til oss sjølve å leve opp til dei, seier Skrede.

Kollapsen som velta eit heilt lokalsamfunn

Vi skrur klokka tilbake til fredag 13. februar 2009. Utanfor NAV-kontoret i Høyanger står det 291 menneske for å melde seg arbeidsledige. Felgfabrikken Fundo har gått konkurs.

Det er fullstendig krise for den vesle kommunen.

Fundo omsette for ein halv milliard og kjøpte tenester frå mange andre. Om lag 300 personar miste jobben – i tillegg til 100 andre i støttenæringane.

Kommunen gjekk frå innpendling til utpendling. Over natta.

– Klart det var veldig dramatisk, seier ordførar Petter Sortland.

John Inge Skrede med den nye felgen frå Saint Jean Wheels

NY FELG: Slik ser den nye felgen som Saint Jean Wheels skal levere til Audi S5 ut. Fabrikken skal også levere felgar til Chryslers Dodge-modellar Charger og Challenger Hellcat.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Alle må dra i same retning for å oppnå suksess

Men no er det endeleg lys i enden av tunnelen. Saint Jean Wheels har kjøpt konkursbuet og spytta inn store summar. Snart er dei franske eigarane i gang med produksjon av felgar for prestisjemodellane til Chrysler og Audi.

Kontrakt med Audi er i boks. Selskapet vil tilsette folk i haust. Dei første felgane skal sendast til Tyskland i mars. Dessutan er ein avtale med Chrysler så godt som i boks. På sikt er det snakk om mellom 80 og 100 tilsette i dei gamle Fundo-lokala.

– Det er eit utruleg spennande prosjekt for kommunen. Det gir oss håp for framtida, og vil vere eit utruleg viktig prosjekt for oss i tida som kjem, seier Petter Sortland.

Spørsmålet er kor mykje av æra kommunen og sitjande ordførar skal ha for den gryande optimismen i industrikommunen.

– Som politikarar og næringsutviklingsselskap til kommunen, skal vi vere samtalepartnar og tilretteleggjar. Kritikarane vil sikkert seie at arbeidsplassane hadde komme uansett, og at det var vår skuld at Fundo gjekk konkurs, seier Sortland.

– Men vi opererer innanfor ein sfære der vi alle må dra i same retning for at dette skal bli ein suksess, seier Sortland.

Fundo

GAMLE FUNDO: Her var opp mot 450 tilsette på det meste. No er Saint Jean Wheels snart i gang med ny produksjon av felgar i dei same lokala, med første leveranse til Audi i mars.

Foto: Cosmin Cosma, NRK

Har ein våt draum om å få reint fleirtal

For det er ikkje alle som synest utviklinga innan næringslivet er god nok.

– Situasjonen er bra, men det kunne ha vore betre. Eg meiner vi kunne hatt fleire arbeidsplassar. Ein har prøvd å få til mykje nytt, men alt er ikkje like vellukka. Kanskje burde vi ha satsa på å vidareutvikle det vi allereie hadde, seier ordførarkandidat Monica Sunde Tjønnås (H).

– Du meiner ein kunne ha komme lenger då?

– Ja, det trur eg faktisk.

Ho vil gjerne ta over ordførarklubba i kommunen. Men det vil vere ei bombe om det blir maktskifte i Ap-bastionen, der Arbeidarpartiet fekk 46,9 prosent av stemmene ved sist val.

– Vi er vel ikkje langt unna å kunne snakke om reint fleirtal. Det kan på mange måtar vere ein våt draum. Samstundes må vi vere audmjuke for alle stemmene vi får. Og ein må gjere seg fortent til oppslutninga, og det skal vi gjere alt for å vise, seier Sortland.

Geir Helge Østerbø

KRITISK: Geir Helge Østerbø (Sp) meiner Høyanger kunne hatt godt av eit politisk maktskifte etter fleire generasjonar med Arbeidarpartiet ved roret.

Foto: Rune Fossum / NRK

Meiner det er ein fordel å ha gode nettverk

Men det er fleire om beinet. Senterpartiets Geir Helge Østerbø meiner Høyanger kunne hatt godt av eit skifte. Sjølv om sjansane er små.

– Det er nesten som å tru på julenissen, men nokon gjer jo det også. Vi må nesten ha tru på det før valet, så får vi heller ta oppteljinga etterpå, seier han.

Han held fram:

– Eg føler at administrasjonen i Høyanger kommunen blir litt sterk, og at det er for tette bindingar. Det gjer at mange saker blir lagde fram for kommunestyret på ein slik måte at dei lett går gjennom politisk – og dermed drep ein den politisk debatten i kommunestyret, seier han.

Slik svarer Sortland:

– Eg vil tvert imot seie det er godt å ha føreseielege rom, og at det er ein fordel å ha eit nettverk ein kan spele på – både lokalt, i fylket og ikkje minst inn mot politiske miljø i Oslo.

Ein tredjedel av det Fundo var

Ved felgfabrikken til Saint Jean Wheels førebur 11–12 tilsette starten av produksjon av 18- og 19-tommars hjul for Audi S5. Det skal hentast inn fleire folk utover hausten.

John Inge Skrede peikar på produksjonsanlegget og legg ikkje skjul på at dei jobbar med fleire kundar som kan vere aktuelle i framtida. Han er klar på at oppturen no kjem til Høyanger.

– Vi kjem nok aldri opp i Fundo-storleik. Kanskje snakkar vi om eit tredjedels Fundo reint mannskapsmessig. Oppnår vi det, er det ein kjempesuksess, meiner HMS-sjefen.