Hopp til innhold

KOMMENTAR: Så breitt kan han truleg glise etter valet også

Petter Sortland er kjend for sitt breie smil og store engasjement. Det er lite som tydar på at han må gje seg som ordførar etter valet.

Petter Sortland på felgfabrikken Saint Jean Wheels

STILLE PÅ NY: Årdølen Petter Sortland har lenge vore sentral i næringsliv og politikk i Høyanger.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vallogo

Høyanger er ein Ap-bastion. Oppslutninga om partiet er rett nok ikkje så stor som i Årdal, men valresultat langt oppe på 40-talet ved dei to siste vala og over 50 prosent i 2003, har gjort at Ap har hatt ordføraren heilt sidan dagens Høyanger kommune vart etablert i 1964. Sjølv med eit relativt dårleg val i 1999 greidde dei å behalde ordførarklubba. Ved sist val gav Kjartan Longva seg i lokalpolitikken etter 16 år i ordførarstolen og Petter Sortland tok over. Sortland stiller på igjen, og det vil vere ei lita bombe om ikkje ordføraren i Høyanger heiter Petter Sortland også etter valet.

Men utfordrarane står i kø – nokre med lang politisk erfaring, andre er ferskare. Høgre og Senterpartiet har lenge kivast om kven som er nest største parti i Høyanger. Sist var det Sp, med Geir Helge Østerbø som også denne gongen er toppkandidat. Ved førre val var Høgre nest størst. Då var Ingrid Astor ordførar-utfordrar. Ved sist val prøvde ein annan politisk veteran, Oddvar Østerbø å bli den første Høgre-ordførar i Høyanger utan å lukkast. Denne gongen prøver Monica Sunde Tjønnås.

Høyanger er ein av tre kommunar i fylket der partiet Raudt stiller liste – dei andre to er Naustdal og Vågsøy. Raudt har lang tradisjon i Høyanger, og har to representantar i kommunestyret etter 8 prosent oppslutning sist. Gongen før var resultatet endå betre, nemleg 11,4 prosent. Einar Rysjedal er framleis førstekandidat for Høyanger Raudt.

Det vil vere ei lita bombe om ikkje ordføraren i Høyanger heiter Petter Sortland også etter valet

Eldgrim Fossheim, NRK-kommentator

Elles er Høyanger einaste kommunen der Kystpartiet stiller liste her i fylket. Toppkandidat no som tidlegare er Asbjørn Massnes. KrF stille med Sissel Sørebø som sist, SV har ny listetopp, Henrik Solvorn Fjeldsbø, Venstre har også ny mann på topp, Lidvar Berge. Og så stiller også Miljøpartiet Dei Grøne liste i Høyanger i år, og deira listetopp er tidlegare Ap-politikar Jan Leon Hole.

No som for fire år sidan er nye arbeidsplassar noko av det viktigaste for politikarane å legge tilreitt for. Høyanger har slite etter Fundo-konkursen i 2009 og meir enn 300 mista arbeidet. Franske St Jean Wheels tok over og satsa på den såkalla hybridhjulet. Det har tatt tid å komme i gang, men no peikar pilene rette vegen. Derimot gjekk det ikkje vegen for Nordic Power System som skulle etablere fabrikk på Kyrkjebø. Lokala står ferdige, men utan innhald.

Høyanger har også venta lenge på modernisering og utviding av aluminiumverket. Talet arbeidsplassar i aluminiumindustrien har stadig minka i takt med ny teknologi og effektivisering. Trua på at Hydro kjem til å investere både i Høyanger og Årdal, er likevel større i dag enn tidlegare. Grunngjevinga er kraftoverskot og kraftprisar.

Høyanger fekk i fjor haust plassert ein asylmottak i kommunen med 150 asylantar. Mottaket vart desentralisert i kommunen. Norsk Mottaksdrift hadde gjort avtalar med fleire huseigarar, og UDI bestemte at tilbodet i Høyanger var det billegaste. Ordføraren reagerte på at kommunen ikkje var teken med på råd før avgjerd var teken om plassering. Han viste til at 150 asylantar ville skape utfordringar for kommunen, og at økonomien i Høyanger er pressa. Mellom anna var kommunen på den tid på den såkalla Robek-lista der fylkesmannen føre ekstra tilsyn med økonomibruken. Saka skapte debatt om ein kommune bør ha eit avgjerande ord når slike mottak blir plassert.

Høyanger er som alle andre kommunar i gang med diskusjon om kommunesamanslåing. Men viljen til å slå seg saman med andre, er liten i Høyanger. Det einaste måtte vere eit ekteskap med naboen i aust, Balestrand. Når enkelte nemner ein kommune som går frå Balestrand, langs fjorden til og med Hyllestad, blir tvilen sterk hos mange. Og når enkelte meiner Høyanger bør orientere seg mot ein storkommune i ytre Sogn og Sunnfjord, blir protestane meir høglydte – så langt i prosessen.