Hopp til innhold

Håpte at bygget skulle skape glede, no får ordføraren klump i halsen når han køyrer forbi

Det enorme næringsbygget som skulle huse mellom 60 og 80 tilsette i Høyanger, blir frå neste veke ståande tomt. Ordførar Petter Sortland er særs skuffa.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, blir vemodig når han køyrer forbi det tomme industribygget.

VEMODIGE: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, får klump i halsen når han køyrer forbi industribygget. – Eg skulle vere glad og fornøgd, men blir vemodig.

Foto: Monatsje NRK/Heidi Lise Bakke

– Heller enn å vere glad og fornøgd når eg køyrer forbi, så står det her tomt. Eg får ein vemodig klump i halsen kvar gong, seier ein tydeleg skuffa ordførar, Petter Sortland.

For omstillingskommunen skulle det 3500 kvadratmeter store bygget vere symbolet på framtida og ny aktivitet i industrikommunen. Anlegget til Cool Flames Technologies skulle stå klar i 2010, men stod først klart i 2012. Selskapet førespegla at nær 100 personar kunne arbeide der, men det har berre fire tilsette der. Tre slutta sist haust, og neste veke sluttar sistemann, skriv Firda.

– Har undervurdert ressursane som trengst

Fabrikken skulle produsere brenselsceller til motorar, basert på ny teknologi. At ein ikkje har klart å kome heilt i mål med ferdigstilling av patentet, er noko av årsaka til at etableringa har gått så trått, trur ordføraren.

Ordførar Petter Sortland og næringssjef Terje Søreide er skuffa over at det store tomme bygget.

TOMT: Det store industribygget som skulle løfte fram ny teknologi og skape arbeidsplassar i Høyanger, står no tomt, til stor skuffelse for næringssjef Terje Søreide og ordførar Petter Sortland.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Det har vore meir utvikling, prøving og feiling enn vi trudde. Også meir enn kva det nasjonale verkemiddelapparatet og internasjonale investorar såg føre seg.

Dagleg leiar i Cool Flames Technologies, Dag Øvrebø, seier til Firda at dei la utvikling av teknologien på is for eitt år sidan.

– Vi prøvde å få til noko som ingen i verda har greidd tidlegare. Vi lukkast berre delvis, seier han til avisa.

Ordføraren seier at dei har undervurdert tida og kapitalen som trengst for å få eit stort forskings- og utviklingsprosjekt heilt i mål.

Håpar på nysatsing

Bygget var reist i samarbeid med SIVA, Statens Industrivekstanlegg. Etableringa var ledd i omstillingsarbeid i industrikommunen Høyanger, som trong nye arbeidsplassar etter at felgprodusenten Fundo kutta i produksjonen og talet på tilsette.

– Vi tok omstillinga på alvor, og ville gjere noko nytt. Satsinga passa til utfordringane etter Fundo, seier Sortland.

Ordføraren har ikkje gjeve opp håpet om ny aktivitet i dei 3500 store fabrikklokala. han meiner bygget er unikt, med plassering tett på Sognefjorden og nærleik til E39.

– Draumen er å få på plass noko som Vestlandet er kjent for. Noko innan lett mekanisk industri, innreiingsverksemd eller olje. Eg trur sjansen er stor for å få det til.