Hopp til innhold

Ser lyset i tunnelen for olje-Flora

FLORØ (NRK): Planar om ny aktivitet på oljefelta utanfor Sogn og Fjordane gjer at både ordførar Ola Teigen i Flora og INC-sjef Geir Johannessen trur på ein oppsving for oljebyen Florø dei komande åra.

Søviknes på Gjøa-feltet

PÅ GJØA: Frå v. Ordførar Ola Teigen (Ap), Flora, fylkesordførar Jenny Følling (Sp), viseadm.dir. Hilde Ådland, Engie, olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) og dagleg leiar i Engie, Cedric Osterrieth.

Foto: Live Jannie Omdal / Engie

Ordførar Ola Teigen (Ap) seier han ikkje er uroleg for framtida, fordi han ser at nedgangstidene i oljenæringa ikkje berre har negative fylgjer.

– Eg ser ei oljenæring som har kutta kostnader, og no er kostnadsnivået så lågt at dei kan bygge ut felt som tidlegare var for dyre å bygge ut. Så eg ser heilt klart lyset i tunnelen, og eg trur definitivt at vi er på veg opp frå den bølgjedalen vi har vore i.

Mange nye prosjekt

Då olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) var på besøk på oljefeltet Gjøa og på Fjord Base i Florø torsdag fekk han lista opp fleire prosjekt som det er håp om skal skape auka aktivitet i Florø.

  • Statoil: Snorre Expansion frå 2019, 24–28 brønnar, 2 riggar i 3–4 år
  • Engie: Cara frå 2019, 3–4 brønnar, 12–18 månader med boring
  • Skarfjell: Skarfjell frå 2019, 7 brønnar, 2 år med boring, 1 rigg
  • Total: Garantiana, enno ikkje teke avgjerd om utbygging
  • Suncore: Beta Brent, ventar på kapasitet.

Nedgang etter Statoil-vedtak

Omlegginga av seglingsmønsteret til Statoil har ført til nedgang i aktiviteten i Florø. No forsyner Fjord Base berre Snorre og Visund. I toppåret 2014 gjekk det nesten 450.000 tonn over kai på Fjord Base. I år blir det rundt 320.000 tonn.

Oddgeir Igland og Geir Johannessen, INC

VERTSKAP: Eigar Oddgeir Igland (t.v.) og konserndirektør Geir Johannessen i INC.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men INC har tru på at talet vil auke att dei komande åra, seier konserndirektør Geir Johannessen.

– Vi ser at leiteboringa tek seg opp, og då tek også annan aktivitet seg opp. Det var leiteboringa som vart hardast råka då oljeprisen gjekk ned. Vi ser føre oss at leiteboring utanfor kysten gir ringverknader på land.

For mange kan det sjå ut som eit paradoks at oljebasen i Florø snart blir utvida med 150.000 kvadratmeter med utfyllinga i sjøen vestover i ei tid då pilene har peika nedover for oljenæringa. Johannessen seier dette er noko dei skulle ha gjort for ti år sidan.

– Då vi endeleg fekk det gjennom i kommunen, nådde oljenedgangen oss. Men vi prøver å legge om basen slik at vi får eit høgt aktivitetsnivå, og at vi får andre næringar inn på basen. Då får vi betjent kapitalen vi har investert på ein fornuftig måte, utan at det blir dyrare for oljeindustrien.

Fjord Base - utviding mot Rota

UTVIDAR: Mot slutten av 2017 kan Fjord Base ta i bruk 150.000 kvadratmeter nytt areal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Snorre og Visund

Inntil vidare er forsyning til Snorre og Visund fundamentet for aktiviteten på Saga Fjordbase. Dersom dette skulle falle bort vil det føre til om lag ei halvering av dei 570 årsverka som i dag er på basen, sa Geir Johannessen i INC på møtet med Søviknes.

Det vil igjen føre til negativ påverknad for både Florø, Florø lufthamn og Sogn og Fjordane fylke. Det vil også føre til at røyrhandteringa på basen på sikt blir lagd ned, sa Johannessen.

Og nedturen i oljenæringa har ikkje hatt særleg negativ innverknad på røyrhandteringa i Florø. Rune Eick, som er leiar for røyrsenteret til Statoil på Fjord Base, kunne fortelje at 2016 faktisk var eit rekordår for dei.

Terje Søviknes

HAR TRUA: Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) på Gjøa.

Foto: Liv Jannie Omdal / Engie

Olje- og energiminister Terje Søviknes seier at han har god tru på oljeframtida, både i Florø og i landet elles.

– Eg er overtydd om at vi skal ha tiår etter tiår med høg aktivitet på norsk sokkel. Vi har i dag høyrt om mange mindre prosjekt som kan forlenge levetida for Gjøa. Det er mykje spennande som skjer utanfor Sogn og Fjordane.