Hopp til innhold

Senterpartiet i spagat om Vestlandsfylket

LOEN (NRK): Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) snakkar varmt om Vestlandsfylket medan partifeller i Senterpartiet vil tvihalda Sogn og Fjordane som eige fylke.

Sigurd Reksnes

HELD SEG FOR NASEN: Leiar for ei splitta Senterparti-gruppe, Sigurd Reksnes, seier ja til å forhandla fram ein intensjonsavtale for eit Vestlandsfylke, sjølv om det er i strid med ideologien og prinsippa til partiet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Senterpartiet tykkjer dette er ei krevjande sak, og det er ei alvorleg sak.

Det seier Sigurd Reksnes, fylkesleiar og gruppeleiar for Senterpartiet, etter at han har høyrt partifellen - fylkesordførar Jenny Følling - forsvara arbeidet med eit Vestlandsfylke i opningstalen sin på Fylkestinget i Loen tysdag.

– Me er skeptiske og ønskjer eigentleg ikkje regionreforma, seier Reksnes, som er redd for kva innverknad Sogn og Fjordane med sine vel 100000 innbyggjarar vil få eit nytt Vestlandsfylke med over éin million innbyggjarar.

Jenny Følling

SNAKKA VARMT OM VESTLANDSFYLKET: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) under opningstalen hennar på Fylkestinget i Loen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Forkjempar

Fylkesordførar Jenny Følling tok i januar initiativ til å føra nabosamtalar med Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal.

– Stortinget har vedteke at det skal vera omlag ti regionar. Me kan vera usamde, men eg trur dagens stortingsfleirtal vil gjennomføra reforma, og då handlar det om å ta vare på interessene i fylket, forklarar Følling om kvifor ho har sett seg i førarsetet for reformarbeidet på Vestlandet.

Strategien til Følling møter motbør i eige parti. På fylkesårsmøtet i mars var beskjeden frå grunnfjellet i partiet klar: Skjerp kommune- og fylkessamanslåingsprofilen.

Aleksander Øren Heen

MOTSTANDAR AV VESTLANDSFYLKET: Aleksander Øren Heen leia eit Sp-utval som fekk fylkesårsmøtet til å vedta å oppretthalda Sogn og Fjordane som eige fylke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kommune- og fylkessamanslåing er ei sak som Senterpartiet er grunnleggjande skeptiske til, noko partileiar Trygve Slagsvold Vedum har reist land og strand rundt og halde glødande innlegg om.

Og nettopp Sp-motstanden mot reforma til kommunalminister Jan Tore Sanner (H) var òg truleg ein viktig grunn til at Senterpartiet gjorde eit godt kommunestyre- og fylkestingsval i fjor.

Fleirtal for forhandlingar

Onsdag skal Fylkestinget skal ta stilling til om Sogn og Fjordane fylkeskommune skal starta forhandlingar med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar for å koma fram til ein intensjonsavtale som Fylkestinget skal ta stilling til i oktober.

Skal ein tolka debatten på Fylkestinget tysdag, blir det truleg eit breitt fleirtal for ein slik framgangsmåte.

– Eg vil rosa fylkesordføraren for ei offensiv rolle i regionreforma, seier Torbjørn Vereide (Ap).

Også Frank Willy Djuvik (Frp), som er motstandar av eit forvaltningsnivå mellom staten og kommunane, støttar forhandlingar:

– Me må gå inn i prosessen, slik at me ikkje blir ståande utanfor medan andre fylke slår seg saman.

Noralv Distad, Sigurd Reksnes, Jenny Følling

'SP-GRUPPA ER USTRUKTURERT': Gruppeleiar Noralv Distad (H, t.v.) meiner Senterpartiet på Fylkestinget skapar full forvirring om kva dei meiner om Vestlandsfylket. Sp-gruppeleiar Sigurd Reksnes (midten) meiner det er feil. Fylkesordførar Jenny Følling til høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sp-snubletråd

Men for Senterpartiet er regionreforma altså blitt ein verkebyll:

– Det er sterke meiningar i partiet vårt om dette, vedgår Reksnes.

Truleg blir Senterparti-gruppa splitta i morgon, men Reksnes er blant dei som legg prinsippa til sides og likevel seier ja til forhandlingar:

– Eg tykkjer det er rett å sitja rundt bordet og stiller oss bak den jobben Følling gjer. Grunnen er at stortingsfleirtalet truleg vil vedta regionreforma, og då er det rett å vera med å posisjonera fylket og sikra interessene til innbyggjarane, seier Reksnes.