Hopp til innhold

Seniorar strøymer til for å lære data

FØRDE (NRK): Rundt 30 interesserte møtte opp då Førde Seniornett hadde informasjonsmøte for nybyrjarkurs i data. Oppslutninga til klubben utmerkar seg på landsbasis.

Informasjonsmøte

MOTIVERER: Monrad Kolstad (t.v.) og Joop Cuppen informerer om kurset.

– Oppmøtet i Førde er betre enn dei fleste andre plassar i landet. Foreininga har så stort engasjement at det er ein fryd å vere her, seier Joop Cuppen, prosjektleiar i Seniornett Norge.

Seniornett er ei foreining med lokale klubbar, som tilbyr datakurs for eldre rundt om i landet. Monrad Kolstad er med i styret, og kursar også deltakarane i Førde. No er dei i gang med å starte opp nytt kull, og Kolstad er fornøgd med oppmøtet.

– Det kom veldig mange, slik det pleier å gjere kvar haust. Vi har snart ikkje plass til fleire, seier han spøkefullt.

Frå før har Seniornett Førde omlag 80 medlemar.

Folk strøymer til kursa i databruk.

PÅGANG: Mange melder seg på kurset. FOTO: MARTE IREN TRØEN / NRK

Viktig med datakompetanse for eldre

Prosjektleiar Joop Cuppen er på besøk i Førde denne dagen, i håp om å motivere og inspirere dei frammøtte. Han reiser ofte rundt i landet og besøker dei lokale klubbane, og peikar på fleire grunnar til at datakompetanse er vesentleg også for dei eldre.

– Omlag 20 prosent av det norske folket har overhovudet ingen eller altfor dårleg kompetanse på data, og det gjer at dei ikkje kan henge med i samfunnet som blir meir og meir digitalt, seier han.

Han har inntrykk av at arbeidsgjevarar ikkje bryr seg særleg om at eldre arbeidstakarar ikkje kan nok data.

– Sidan dei snart skal gå av, er det liksom ikkje arbeidstakaren sitt problem lenger, seier han.

Magni Eide

SOSIALT: Magni Eide pyntar før møtet startar.

Foto: Krista Lien Indrehus

– Eg reiser rundt i heile Noreg, og merkar at veldig mange eldre er einsame. Dei klarer ikkje å delta i det sosiale slik som før. Ved hjelp av internett og sosiale medium kan ein ta opp igjen det sosiale nettverket, utan å forlate huset.

Ser seg nøydde til å lære

Gerd Birkeland, Ellinor Hårklau og Solfrid Årseth er nysgjerrige på korleis kurset er lagt opp.

Deltakarar Seniornett

INSPIRERTE: Solfrid Årseth (t.v.), Ellinor Hårklau og Gerd Birkeland meldte seg på kurs.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Solfrid Årseth har aldri slått på ei datamaskin før, og startar dermed heilt på bar bakke.

– Vi er nesten nøydde til å lære oss dette. Eg vil gjerne ha ei epost-adresse og lære å kunne betale rekningar på nett, fortel ho.

Overtydde tilhøyrarar

Møtet startar, og Joop Cuppen og Monrad Kolstad fortel mellom anna at det er deltakarane sjølv som bestemmer kva dei skal lære på kurset.

–– Det er viktig å få hjelp på sitt eige nivå, og å komme seg vidare. Dersom ein ikkje får hjelp til å løyse problem med datamaskina, prøver ein kanskje aldri igjen, seier Cuppen.

Etterpå har dei tre damene bestemt seg for å melde seg på.

– Dette var inspirerande, seier Gerd Birkeland.