Send oss ditt beste minne frå påska og vinn gåvekort!

Send oss ditt beste påskebilete og påskevideo. Då blir du med i kåringa av beste video og bilete – og kan vinne gåvekort på 2000 kroner.

Påska er rett rundt hjørnet, og mange har planar for fridagane. Kanskje skal du på hytta på fjellet? Eller pleier du å bruke påska til å klargjere båten for vårsesongen?

Påskeidyll

PÅSKEIDYLL: Eva Rake har sendt oss dette bilete.

Foto: Eva Rake

Eller trivst du best på hytta di ved fjorden?

NRK.no vil gjerne vise fram alle minna frå påska 2014. Om du har bilde av bikkja i bakken, barnebarn på våronn eller påskeliljer i solnedgang, så vil vi gjerne ha både bilete og video!

Videoen treng ikkje vere korkje avansert eller redigert. Ein fin eller artig snutt kan vere meir enn godt nok.

  • Vi kårar den beste videoen. Vinnaren får eit gåvekort på fotoutstyr til 2000 kroner i ein valfri fotobutikk.
  • Vi plukkar også ut ein vinnar av beste foto. Vinnaren får eit gåvekort på 1500 kroner i fotoutstyr.

I tillegg får to innsendarar ein NRK-ryggsekk med NRK-effektar som premie.

(Artikkelen held fram under biletet)

Luster

PÅ FJELLET: Kanskje finn du gode motiv i påskefjellet, slik som her i Lustrafjella?

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Slik sender du oss video:

Gå inn på signiant.nrk.no. Logg inn med brukarnamn: nrksf og passord: stringer. Vel DK/NRK Sogn og Fjordane – Done. Så trykkjer du Upload – Channel – NRK Sogn og Fjordane-Done.

Skriv inn tittel. Content: Vel frå Camera roll – marker – done – submit.

Vil du sende videoen din med e-post, sender du til adressa sf@nrk.no. Skal du sende video med e-post, må denne ikkje vere lenger enn 45 sekund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Påske i Solund

VÅRLEG: Eller kanskje nyt du påska i låglandet?

Foto: Frode Romarheim

Slik sender du oss bilete på e-post:

Viss du vil sende bilete via e-post, sender du til: sffoto@nrk.no. Merk e-posten «fotokonkurranse». Pass på å sende med informasjon om kvar biletet er teke, kva motivet syner og kven som er fotograf.

Vi vil òg gjerne ha andre opplysningar om biletet – særleg viss det knyter seg ei spesiell historie til det.

Bileta blir presenterte på nettet med ei breidde på 650 biletpunkt (16:9-format), og må ikkje vere mindre enn dette. Bileta vil vi helst ha i originalstorleik.

Vi ønskjer bileta tilsendt i jpg- eller tif-format. Vi ser helst at du sjølv tek deg av eventuell bearbeiding av bileta.

Slik sender du oss bilete på Instagram:

Vil du sende bilete via Instagram, merkjer du dei med #nrksf, så hamnar dei på Instagram-kartet vårt, samt i galleriet vårt.

For å få med biletet på kartet til NRK Sogn og Fjordane, må du gi beskjed om kvar i fylket du er. Blir ikkje bileta geotagga, hamnar dei berre i biletstraumen under her og ikkje på sjølve kartet. Her kan du lese korleis du legg bileta på kartet vårt.

Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere bildet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett. Du må stå inne for at dei som er avbilda har godkjent bruken. Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.

Alle kan delta, og frist for å sende inn video eller bilete til NRK.no er 22. april.

Ved å sende video eller bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Stoff som blir brukt, blir lagd ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.

Her finn du innsendte videoar:

Påskekyllingen og den magiske sjokoladen på Sognefjellet. Foto: Martine Træen

VIDEO: Påskekyllingen og den magiske sjokoladen. Foto: Martine Træen

Sjå alle dei flotte bileta frå Instagram merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.