Hopp til innhold

Bli med på topptur til Sandfjellet

Langfredag var ein strålande flott dag for mange. Simon Sæterlid (25) frå Førde tok skia fatt og la ut på topptur.

Topptur på Sandfjellet langfredag med Simon Sæterlid, Steinar Sæterlid og Martin Skei Bakketun. Musikk: Inuuro - Redwood (henta frå NRK P3 Urørt)

VIDEO: Bli med på topptur på Sandfjellet med Simon Sæterlid, Steinar Sæterlid og Martin Skei Bakketun. Musikk: Inuuro - Redwood (henta frå NRK P3 Urørt)

Saman med kamerat Martin og pappa Steinar gjekk han til Sandfjellet (1249 moh.) i Jølster.

Skituren blei filma og Simon har sendt den inn til NRK Sogn og Fjordane sin påskefotokonkurranse.

– Fy flate! Det var ein heilt nydeleg tur. Det var faktisk første gong eg var på Sandfjellet, seier han.

Dei køyrde inn i Angedalen i Førde og starta turen der, ved å gå opp baksida på Sandfjellet. Den første halvtimen gjekk dei med fjellsko fordi det var for lite snø.

– Deretter skifta vi og la av garde mot toppen. Vi brukte vel tre timar opp. Det var ein utruleg flott tur, seier han.

Til vanleg bur han i Bergen, men når han er heime tek han seg slike turar så ofte han kan. I dag har han lada batteria etter skituren i går, men i morgon ventar ny utfordringar.

– Det har vore litt overskya i dag, men i morgon er det meldt flott ver igjen. Eg lurer på om det blir Snønipa som ligg på om lag 1800 meter over havet. Det er ein meir krevjande tur enn den vi var på i går, seier han.

Sjå alle dei flotte innsende bileta vi ha fått – både på epost og via Instagram:

Laster innhold, vennligst vent..