Ladar opp til sommaren med yoga i det fri

Nokre trivast best på fjellet i påska, andre gjer heilt andre ting. Som Hege Hopland i Førde. Ho likar å finne seg ein yogastilling for å nyte sola og dei flotte fargane.

Hege Hopland

IVRIG: Hege Hopland har fått skikkeleg dilla på yoga og trenar kvar dag, gjerne ute i det fri. Biletet til venstre er frå Instagram og Hege har merka det med #nrksf

Foto: Privat

– Det handlar om å komme seg ut i frisk luft. Det er så nydelege fargar, med grønt gras og himmelen som er så blå. Då er det godt å finne seg ein yogastilling og få sola i ansiktet, fortel ho.

Er blitt av basillen

Med Førdsnipa som bakgrunn tek ho seg gjerne eit yoga-økt ute i det fri. Det gir fred og ro i sjela, sjølv om det kan vere slitsamt med enkelte yogastillingar.

– Jo, det er ubehageleg, men det skal det vere. Ein skal strekkje seg og bli smidigare og sterkare. Men med naturen rundt meg og sola i ansiktet, er det ikkje så gale likevel.

Når ein ser på bileta hennar, skulle ein tru at Hege har drive på med yoga lenge. Men ho byrja ved nyttår og har blitt skikkeleg biten av basillen.

– Eg driv på med yoga kvar dag, og så driv eg med anna trening i tillegg, fortel ho.

Har merka yogabileta med #nrksf

Men der mange andre nyt sola i påskefjellet, tykkjer Hege Hopland det er greitt med ei påske utan ski på beina.

– Det toget har nok gått for meg. No går det mot sol og sommar. Har eg ikkje gått på ski tidlegare i år, så gjer eg det i alle fall ikkje no, ler ho.

Hege Hopland er ei av mange som har merka bileta sine med #nrksf på Instagram og er dermed med i påskefotokonkurransnse vår. Du kan også bli med om du sender bilete eller video frå kva du har gjort denne påska.

Nokre trivast best på fjellet i påska, andre gjer heilt andre ting. Som Hege Hopland i Førde. Ho likar å finne seg ein yogastilling for å nyte sola og dei flotte fargane.

VIDEO: Hege Hopland viser korleis ho utfører yoga i hagen.

Her kan du sjå alle dei innsende bileta. Bli med du også!

Laster innhold, vennligst vent..