Møtte hissig skapning på påsketur

Då Magn Henning Helgås var på veg opp til Blåfjellet ifrå Innvik møtte han på ein sint, liten kar.

Hissig skapning på påsketur. Foto: Magn Henning Helgås

SJÅ VIDEO: Lemenet likte ikkje å bli filma og blei ganske så sint. Foto: Magn Henning Helgås

Magn Henning Helgås

PÅ TOPPTUR: Magn Henning Helgås fortel om flotte skihøve på Blåfjellet i Nordfjord der han møtte lemenet på fredag.

Foto: Stian Lunde Njøsen

Undervegs på toppturen langfredag saman med ein kamerat, skulle Helgås sjå på nokre ryper. Då fekk han plutseleg sjå ein liten krabat som sprang rundt på bakken.

– Det var heilt ope område, og berre lyng så det var ingen steinar som han kunne gøyme seg under. Til slutt gravde den seg ned i snøen, fortel førdianaren.

20 centimeter unna

Han rakk likevel å ta fram telefonen og filme lemenet, og det var ikkje populært. Med telefonen berre 20 centimeter unna kjende dyret seg truleg truga og hadde ingen problem med å vise kva det meinte om filminga.

– Det var ei morosam oppleving, seier Helgås som ikkje bekymra seg stort for at det vesle dyret skulle gå til åtak på han.

Også på Vikafjellet søndag såg han lemen, men denne gongen fekk han ikkje filma det.

– Kanskje det tyder på at det er lemenår?

Har du ein betre video?

Helgås kan elles melde om topp skihøve både på Blåfjellet og Vikafjellet.

– På fredag var det jo kome nysnø, så fin puddersnø gjorde det til ein fin nedfart, fortel han.

Har du også fine, morosame eller annleise bilete eller videoar frå påska? Send dei inn til oss og delta i konkurransen om gåvekort på 1500 og 2000 kroner. I tillegg får to innsendarar ein NRK-ryggsekk med NRK-effektar i premie.

Her kan du lese meir om korleis du sender oss bileta og videoane.

I strålande ver blei nedturen ei flott oppleving for turkompis Stian Lunde Njøsen. Foto: Magn Henning Helgås

VIDEO: I strålande ver blei nedturen ei flott oppleving for turkompis Stian Lunde Njøsen. Foto: Magn Henning Helgås