Selde toppskåraren – har erstattaren klar

Fredag vart det bekrefta at toppskårar Sigurd Haugen har gått til ein belgisk klubb. Trenar Eirik Bakke meiner han har løysinga i eigne rekker.

Akor Jerome Adams

KLAR: Akor Jerome Adams har lenge venta på å få sjansen som førsteval på topp for Sogndal. No meiner Bakke at 19-åringen er klar.

Foto: Christian Blom / Christian Blom

– Det er Akor sin tur no, seier sogndalstrenar Bakke.

Han meiner den talentfulle nigerianaren er klar for å ta det neste steget på topp for Sogndal.

Til Belgia

Sogndal Fotball bekrefta i går på sine eigne heimesider at toppskårar i klubben dei to siste sesongane, Sigurd Haugen, var seld til den belgiske klubben La Royale Union Saint-Gilloise. 22-åringen frå Haugesund har vore ein berebjelke på i Eirik Bakke sitt mannskap sidan han kom til klubben for halvanna år sidan. Haugen enda til slutt med 28 mål på 46 kampar for Sogndal. Bakke fortel at klubben eigentleg ikkje ville selje toppskåraren deira.

– Den belgiske klubben har vore på Sigurd i fleire veker, og kom att med fleire bod. Til slutt hadde me ikkje noko anna val enn å sleppe han.

Sigurd Haugen mot Notodden

UTANLANDSPROFF: Sogndal sin toppskårar i år, Sigurd Haugen, ynskte sjølv å få sjansen i utlandet. Bakke måtte til sutt gje slepp på spelaren då siste bod omsider matcha klubbens forventningar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Haugen, som var klar på at han ikkje ønskte seg til ein annan norsk klubb, var lysten på å få sjansen i utlandet. Det som til slutt skal ha vore tunga på vektskåla var eit siste bod som matcha klubbens prisforventningar.

– Me er også i ein situasjon der det er bra for klubben å få inn pengar, men me hadde ikkje selt han dersom me ikkje var nøgd med prisen. Når spelaren hadde lyst også, så var det greitt å gje han den sjansen no, seier Bakke.

Duka for Adams

Med Haugen seld, ser det ut til at stortalentet Akor Jerome Adams (19) vil få moglegheita på topp. Den nigerianske U-landslagsspelaren som skåra tre mål i finalen mot Rosenborg då juniorlaget til Sogndal vart noregsmeistrar i fjor, har så langt i år ikkje fått mykje speletid. Bakke er likevel klar på at det er Adams sin tur no.

Akor Jerome Adams

I SØKJELYSET: Med Sigurd Haugen seld, er det Akor Adams som står først i køen, meiner Eirik Bakke.

Foto: Christian Blom / Christian Blom

– Eg har sagt det til han heile vegen at når Sigurd reiser så skal han vere nummer éin. Han har vist glimtvis i fjor og i år at han er ein spanande spelar så eg er ikkje bekymra.

Bakke, som har stor tru på ungguten, meiner likevel det er viktig å gje han tid til å vakse inn i rolla si. Han meiner det er urealistisk å forvente at han kjem inn og erstattar kvaliteten til Sigurd Haugen umiddelbart.

– Me må vere tolmodige med han akkurat slik me var med Haugen i starten, seier Bakke.

Eirik bakke på trening

IKKJE UROA: Sogndalstrenar Eirik Bakke trur Akor Adams er klar for å ta neste steg.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Ein spelar med X-faktor

Leiar i Saftkokaradn, Vidar Vadseth, er ikkje overraska over at Haugen var seld no. Han trur klubbens økonomiske situasjon gjer det vanskeleg å halde på salsobjekt av liknande kaliber.

– Det er synd å selje toppskåraren sin midt i sesongen, men salet av Haugen er vel kanskje nødvendig for å betre skikk på budsjettet i år, seier han.

Vidar Vadseth

OPTIMIST: Supporterleiar i Saftkokaradn, Vidar Vadseth, meiner det er heilt naturleg at Adams får sjansen no. Han gler seg til å sjå stortalentet i aksjon utover hausten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vadseth trur, i likskap med Bakke, at Adams no er klar når sjansen byr seg.

– Det er heilt naturleg at han får sjansen no. Han har eit internasjonalt snitt over seg, og kjem til å skore mykje mål i Sogndal-drakta. Det vert moro å følgje han, seier supporterleiaren.