Hopp til innhold

Seld for 11,5 millionar i 2013 – verdsett til to millionar i 2017

Gjensidige Forsikring meiner Selje hotel var verd to millionar kroner før det vart slukt av flammane. Feil, meiner Sparebanken Vest.

Selje Hotel

STRID: Selje hotel hadde ein bygningsverdi på 96,3 millionar kroner før brannen for snart to år sidan. Sparebanken Vest var derimot ikkje samd i marknadsverdien på to millionar kroner.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Forsikringsoppgjeret etter brannen på Selje hotell dreg ut. Med ein av eigarane dømd for brannstifting, skal panthavar Sparebanken Vest ha forsikringsoppgjeret.

Men forsikringsselskapet og banken er rykande usamde om kor mykje. Nyleg oppheva Oslo tingrett brannskadeskjønnet.

– Vi er usamde i dommen. No må vi vurdere premissane og vurdere ein anke eller ikkje, seier Gjensidige Forsikring sin advokat, Jardar Aas.

– Vanleg praksis

Banken meiner skjønnet er tufta på feil bruk av forsikringsvilkår, og feil og vilkårleg grunnlag. Dei etterlyser dokumentasjon på vurderingane som kan forklare kvifor hotellet, som i 2013 skifta eigarar for 16,5 millionar kroner, var verd ein åttandedel før brannen.

Brann i Selje hotell

I FLAMMAR: Hotellet gjekk opp i flammar i november 2016. No knivar Sparebanken Vest med Gjensidige om forsikringsoppgjeret.

Foto: Erik Hove

Gjensidige hevda på si side at vurderingane var i tråd med vanleg praksis.

Advokat Aas framheva også at det reelle kjøpebeløpet for hotellet var 11,5 millionar. Inkludert i kjøpet var også puben Frimannsbua og eit privathus.

Fann feil og manglar

Det var ikkje tingretten si oppgåve å vurdere kva verdi hotellet ville hatt om det vart seld i den frie marknaden før brannen.

Derimot fann dei både feil og manglar, og landa på det siste.

Kort fortalt meiner retten at skjønnet manglar dokumentasjon på vurderingar av takst, tidlegare omsetnadsverdiar og rekneskap. Retten etterlyste også vurderingar av det faktum at tidlegare eigarar var dømde for økonomisk utruskap mot hotellet.

Overraskande lågt

Retten meiner også at skjønnet på to millionar kroner kom overraskande på både partane og fleire av dei åtte vitna i saka.

– Ei slik overrasking, sett i samanheng med tidlegare omsetnadsverdi, banken si eiga verdsetting som låg til grunn for kreditten, diskusjonar om ein á konto utbetaling mellom Gjensidige og Sparebanken Vest i storleiken kr 8 – 9 millionar i etterkant av brannen, og den tekniske verdien på nær kr 100 millionar, kjem her inn og utløyser eit noko uttala forklaringsbehov, skriv tingretten.

Maks 12,5 millionar

Gjensidige må no ta stilling til om dei vil la lagmannsretten ta stilling til skjønnet, eller om dei vil be om eit nytt skjønn.

Eit siste alternativ er å føreslå eit forsikringsoppgjer som begge partar aksepterer.

Hotellet hadde eit lån på 12,5 millionar kroner i banken. Dette betyr at banken ikkje skal ha utbetalt meir enn det.

Gjensidige må også betale Sparebanken Vest 550.000 kroner i sakskostnader.

– Vi er naturlegvis nøgde med at tingretten, både i resultat og grunngjeving, har følgt vårt syn, seier advokaten til banken, Trond Hatland.