Hopp til innhold

Fullforsikra – men har over 16 millionar i gjeld

Selje Hotel har over 16 millionar kroner i gjeld, Sparebanken Vest har pant på 15 millionar. Eigarane tapte pengar så det svei.

Brannen i Selje Hotell

RUIN: Romfløya til Selje hotell er nedbrent. Millionverdiar har gått tapt.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Medan leiinga sit varetektsfengsla må bank og forsikringsselskap finne ut kva dei skal gjere med verdiane som er tapte.

Informasjonssjef i Sparebanken Vest, Lars Ove Breivik, kan ikkje seie kva dei gjer om dei sikta blir funne skuldige i å ha sett fyr på hotellet.

Lars Ove Breivik

KAN LITE GJERE: Informasjonssjef i Sparebanken Vest, Lars Ove Breivik, seier banken kan gjere lite frå eller til før etterforskinga er avslutta.

Foto: Pressebilde / Sparebanken Vest

– Dette er ein veldig spesiell situasjon, som vi ikkje har vore borti. Så kva som skjer er vanskeleg å seie.

Hotellet er fullforsikra

Natt til fredag 25. november gjekk romfløya ved Selje hotell opp i flammar. Politiet meiner brannen vart påsett, og har sikta styreleiar, dagleg leiar og ein tredje person som også har tilknyting til hotellet.

Sparebanken Vest har vore i kontakt med Gjensidige. Hotellet er fullforsikra, og Lars Ove Breivik seier på generelt grunnlag at banken då kan rekne med å få pengar

– I mange tilfelle betalar forsikringsselskapet ut forsikringssummen, og så går dei på regress i etterkant mot dei som har teikna forsikringa, om det er grunnlag for å gjere det.

Selje hotel i brann

INFERNO: Brannen ved Selje Hotel vart varsla av naboar midt på natta.

Foto: Alvin Honningsvåg

Ventar med å avhøyre dei sikta

Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, seier etterforskinga går føre seg for fullt med avhøyr av vitne og analysar av funn.

Anonyme kjelder har sagt til TV2 at det er funne bensinkanner, og at det skal vere fleire stadar det har starta å brenne.

– Det vi kan seie er at dette er ein del av etterforskinga som vi ikkje vil kommentere ytterlegare.

Kvifor held de detaljinformasjonen nede?

– Det er ein del av det vi vil spørje dei involverte om, seier Tormod Hvattum. Dei sikta har ikkje blitt avhøyrde i dagane etter at dei vart arresterte torsdag kveld. Dei sit no i isolasjon.

Tormod Hvattum

LANGVARIG: Regionlensmann, Tormod Hvattum, seier etterforskinga vil gå føre seg lenge.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Hotellet gjekk dårleg økonomisk

Selje Hotel har tapt pengar under dei nye eigarane som tok over for snart tre år sidan.

Eigenkapitalen er nær seks millionar i minus, gjelda på totalt 16,3 millionar kroner. Rekneskapstala syner sviktande driftsinntekter og aukande finanskostnadar. Årsresultatet for 2015 var 2,4 millionar i underskot. Berre dagar før brannen kom det også eit tvangskrav frå Skatteetaten.

Etter det NRK kjenner til skal i alle fall to av mennene sagt at dei ikkje var i Selje dei næraste dagane før brannen. Vitne skal ha sagt at dei såg mennene i bygda få dagar før brannen.

– Dette vert ei langvarig og krevjande etterforsking som heilt sikkert vil gå ut over nyåret, seier Tormod Hvattum.

Uvisst om nokon vil drive Selje Hotel

Ordførar i Selje Stein Robert Osdal (KrF) håpar at nokon vil drive hotell i Selje i framtida.

Stein Robert Osdal

HÅPAR: Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF) håpar det kjem nytt hotell i løpet av 2018.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har fått tilbakemeldingar frå privatpersonar og andre om at motivasjonen er veldig stor for å få bygd opp att hotellet. Vi skal ha respekt for rettsprosessen. Om det blir nye eigarar, og kven dei blir er for tidleg å seie noko om.