Hopp til innhold

Kan miste all rett til forsikringspengar

Dersom dei sikta etter brannen på Selje hotell blir dømde i retten for å sjølve ha starta brannen, så får dei ingenting frå forsikringsselskapet.

Brannen i Selje Hotell

BRANNTOMTA: Den daglege leiaren har i politiavhøyr vedgått at det var han som sette fyr på hotellet.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Derimot ventar det økonomiske krav frå bank og forsikringsselskap. Etter brannen i Selje har den daglege leiaren, vedgått at han tende på hotellbygget i slutten av november.

Bjarne Aani Rysstad, kommunikasjonssjef i Gjensidige, kan ikkje kommentere saka om Selje hotell spesifikt, men seier dei som blir dømde for forsikringssvindel kan sjå langt etter pengane.

– Dersom ein person vert dømd for forsikringssvindel så vert det sjølvsagt null i erstatning.

Eit samfunnsproblem problem

Aani Rysstad seier at alle forsikringsselskap opplever at kundar prøver å svindle dei, men at ingen veit kor stort problemet er.

– Dette er noko alle forsikringsselskap jobbar med. Selskapa har mange tilsette som jobbar utelukkande med forsikringssvindel. Men her er det store mørketal og ein kjem nok aldri heilt til botnars, men vi gjer det vi kan for at problemet skal verre så lite som mogleg seier Rysstad.

Kan bli dyrt

I Selje var hotellet fullforsikra, men hadde over 16 millionar kroner i gjeld. Sparebanken Vest har pant på 15 millionar. Er det pant i eigedomen, så skal banken ha lånesaldoen utbetalt frå forsikringsselskapet.

– Det er då avhengig av verdien på pantet. I tillegg til fengselsstraff, så vil det også få ein stor økonomisk konsekvens for den måtte gjelde, seier Aani Rysstad som understrekar at han ikkje kan kommentere den konkrete saka.

I staden for forsikringsutbetaling ventar det då økonomiske krav frå bank og forsikringsselskap.

– Forsikringsselskapet vil krevje utbetalingane og andre utlegg attende frå forsikringstakaren, og regressperioden kan vare i uavgrensa tid, seier Aani Rysstad.

Må føreligge dom

Men for at forsikringsselskapet skal kunne krevje pengane tilbake må det føreligge ein dom.

– Grunnlaget i slike saker er ein fellande dom. Det set i gang prosessen mellom bank og forsikringsselskap. Ein må finne ut kor mykje banken har krav på ut ifrå den panten banken har, og kor mykje som så skal krevjast attende frå den som er dømd.

Etter hotellbrannen i Selje har den daglege leiar vedgått å ha tent på hotellet. Dei to brørne hans som også er sikta i saka nektar for å ha noko med brannen å gjere, men politiet meiner framleis at dei tre var saman om brannen.

Dei tre har site i varetekt heilt sidan dei vart arresterte nokre dagar etter brannen i fjor.