NRK Meny
Normal

Berre hotelldirektøren vart dømd for brannstifting

Hotelldirektøren må sone fem år og seks månader i fengsel for å ha starta brannen på Selje Hotel. Styreleiaren vart dømd til eitt år for medverknad til økonomisk utruskap. Kjøkkensjefen blir frifunnen.

Brann i Selje hotell

STORE SKADER: Selje Hotel fekk store skader under brannen natt til 25. november i fjor.

Foto: Erik Hove

Sogn og Fjordane tingrett meiner hotelldirektøren handla åleine om å starte brannen, men at han samarbeidde med den tidlegare styreleiaren om økonomisk utruskap.

Kjøkkensjefen vart frifunnen både for økonomisk utruskap og brannstifting.

Den tidlegare hotelldirektøren må også betale 2,2 millionar kroner i erstatning til forsikringsselskapet.

Både kjøkkensjefen og styreleiaren blir sleppte fri i dag.

– Eg noterer meg at hovudmannen er domfelt i fem og eit halvt år, at styreleiaren var domfelt for medverknad til utruskap for delar av summen og at dei har vurdert bevisa mot kjøkkensjefen annleis enn påtalemakta, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Letta over dommen

Selje hotel

ROMFLØYA: Hotelldirektøren erkjende å ha rigga tidsur og loddeboltar tre stader i hotellbygningen for å starte brannen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I dag kom dommen etter den tre veker lange rettssaka mot brørne. Store delar av hotellet vart totalskadd den dramatiske i brannen natt til 25. november .

Politiet meinte at brørne tappa hotellet for 5,4 millionar kroner, og at dei starta brannen for å byggje opp att eit nytt hotell for forsikringspengane . Under rettssaka kom det fram at hotellet var forsikra for 71 millionar kroner. Dei tre har sete varetektsfengsla sidan pågripinga ei veke etter brannen.

Statsadvokat Magne Nyborg, Per Kjetil Stautland og Randulf Schumann Hansen

LETTA: Randulf Schumann Hansen (t.h.) seier han er godt nøgd med dommen. Her i samtale med statsadvokat Magne Nyborg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Statsadvokat Nyborg kravde fengsel i seks år for den tidlegare hotelldirektøren og kjøkkensjefen. Halvåret mindre for den tidlegare styreleiaren.

Randulf Schumann Hansen, forsvarar for styreleiaren, seier at dei er nøgde med dommen på fengsel i eitt år.

– Han er frifunnen for alt som har med brannen på Selje Hotel å gjere, og han er frifunnen for det meste som gjeld utruskap. Han er dømd for eit mindre beløp, som gjer at han får eitt år fengsel som allereie er ferdigsona i varetekt, seier han.

Dagleg leiar på veg heim frå Selje etter å ha rigga brannen på Selje hotel.

MR X: Hotelldirektøren nekta å fortelje kven han hadde med seg i bilen på veg til og frå Selje. Sogn og Fjordane tingrett meiner dette ikkje var den tidlegare styreleiaren.

Foto: Overvakingsbilete / Politiet

– Min klient er letta over å vere ferdig med ein marerittliknande tilstand i varetekt og er nøgd med dommen.

Lausbart og parykk

Berre hotelldirektøren erkjende brannstiftinga . Han erkjende også å ha tappa hotellet for 2,5 millionar kroner før han køyrde over 100 mil frå Sverige til Selje for å rigge brannen.

Slik parykk kjøpte den tiltalte daglege leiaren før brannen på Selje hotel.

PARYKK: Etter eit nitid etterforskingsarbeid fann politiet både kvittering og butikken for kjøpet av ein slik parykk.

Foto: Politiet

I retten fortalde hotelldirektøren i detalj om ulike forsøk på å starte brann, før han kjøpte loddeboltar og tidsur . Han fortalde også at han kjøpte både lausbart og parykkar som han, og ein for politiet ukjend mann, hadde på seg på bilturen til og frå Selje .

Politiet meiner den ukjende, omtala som «Mr. X», var den tidlegare styreleiaren. Dette vart avvist av alle dei tre brørne . Hotelldirektøren fortalde retten at han lova ein ven 20.000 kroner for å vere med han til Selje. .

– Eg noterer meg at retten har eit anna syn enn påtalemakta om han var «Mr. X» eller ikkje, seier Nyborg seier dei vil vurdere å anke saka mot den frifunne kjøkkensjefen.

Vart letta over frifinning

Randulf Schumann Hansen og Paul-Inge Angelshaug

FRIFINNING: Under prosedyren kritiserte Paul-Inge Angelshuag (t.h.) politiet for å basere saka mot kjøkkensjefen på indisiar. Klienten hans vart frifunnen i tingretten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både styreleiaren og kjøkkensjefen nekta for å ha noko med brannen å gjere. Dei avviste også at dei kjende til at broren tappa hotellet for pengar.

Advokat Paul-Inge Angelshaug seier den tidlegare kjøkkensjefen var letta over frifinninga.

– Han tok det med fatning. For han har det vore ei stor påkjenning å sitte i 11 månader fengsla, samstundes som han har vore klar og tydeleg frå dag ein at dette er forhold han ikkje kjenner seg att i. Han er sjølvsagt glad for å endeleg bli trudd, at det endeleg er kome ein førebels sluttstrek, seier Angelshaug.