Hopp til innhold

Seks tips til aktivitetar ute når bakken er bar

Guide og kokebokforfattar Sigrid Henjum og DNT-Ung leiar Stig Øystein Schmidt deler sine beste tips til kva du kan finne på i jula dersom det ikkje ligg snø på bakken.

Villmarksbarna

BÅLKOS: Familien frå Villmarksbarna veit korleis dei kan kose seg ute. No får du også nokre tips til korleis du kan komme deg ut i jula.

Foto: Lars Krempig

Vi er mange som ynskjer oss eit godt lag med kvit snø til den ultimate julefeiringa.

Men vêret spelar ikkje alltid på lag, og i år er det stor sjanse for bar bakke i låglandet, spesielt på Vestlandet.

Men det betyr ikkje at all juleleiken må gå føre seg inne.

Vi har snakka med DNT Ung-leiar Stig Øystein Schmidt og guide og bålmat-forfattar Sigrid Henjum om kva vi kan gjere ute i jula.

Her får du nokre tips til kva du kan ta med deg foreldre, barn, onklar, grandtanter, stesøsken, firmenningar, bestefar og oldebarn på ute i det fri!

1. Gå på tur med hovudlykt

– No er det sjølvsagt slik at ingenting er betre enn kvit jul. Men vi arrangerer mange

Hodelykttur

DNT-UNG: Stig Øystein Schmidt leiar Norges største friluftsorganisasjon for ungdom. Dei har passert 40 000 medlemmar i 2016.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes/DNT

aktivitetar der du ikkje treng snø også, seier leiar i DNT ung, Stig Øystein Schmidt.

Dei skal blant anna arrangere turar med hovudlykt i romjula. Det kan du også få til sjølv. Då treng du:

  • Ei god hodelykt eller lommelykt
  • Gode sko i tilfelle det er is på bakken
  • Varme og regntette klede
  • Ein eller fleire gode vener eller familiemedlemmer

Og du, hugs å slå av lykta i blant og sjå opp på stjernene om himmelen er klår.

Med hodelykt og staver

LYS I MØRKET: 22. desember snur sola og vi går mot lysare tider. Med hovudlykt kan timane med mørke vere magiske.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

2. Kom deg på villspor som Monsen

Er du ein av dei som diggar Monsen på villspor? Ta med kart og kompass, ta bind for augo på ein deltakar som skal finne vegen heim att.

Hugs at de treng ikkje reise langt for å leike. Kanskje berre frå skogen bak huset, i nabolaget eller i marka der du bur. Bakhagen er den beste leikeplassen.

Eller du kan leike motsett-Monsen: Gøym ein premie ute i terrenget eller nabolaget, som resten av familien skal finne. Lag eit skattekart, så blir det ekstra gøy!

NB: Hugs kart, kompass, gode klede, mobiltelefon, litt snacks og godt humør. Kanskje kan de vere to og to som går i lag, opplevinga er ekstra kjekk om den delast.

Lars Monsen

PÅ VILLSPOR: Lars Monsen skal på ny havne på Villspor i 2017. Denne gongen med bror sin og ein kamerat på slep.

Foto: Håvard Jenssen / NRK

3. Gå på skøyter

Børst støv av hockey- og kunstløpskøyter og arrangerer isdans for heile familien. Eller de kan finne passelege runde steinar, merk opp ei bane på isen og ta eit slag curling.

Med mildvêret vi har hatt i vinter er det veldig viktig å sjekke om isen er trygg før du gir deg utpå:

Så tykk bør isen være

0 – 3 cm

Ikke bæreevne

4 cm

På grensen. Mange signaler på tynn is

5 cm

Bæreevne nok, men variasjoner gjør isen usikker.

6 cm og mer

God bæreevne. Vær oppmerksom på forandringer.

4. Padle kajakk

Vassport forbind vi ofte med sol og sommarlege temperaturar. Men det går også an å ta fram kajakken om vinteren.

– Om det ikkje kjem snø til eg skal heim til Sogn til jul, då skal eg i alle fall bruke fjorden til kajakkpadling. Om du har riktig sikkerheitsutstyr, som tørrdrakt og slikt, så er fjorden ein bra måte å bruke naturen på også om vinteren, tipsar DNT Ung-leiar Stig Øystein Schmidt.

Sigrid Henjum jobbar som guide og tek med andre ut i naturen både i kajakk, til fots og på ski. Vinterpadling kan gi heilt spesielle opplevingar, fortel ho.

– For to år sidan padla eg og sambuaren min Sander i to dagar og kom att på vetlejulafta. Då fekk me til og med sjå moreld i fjorden.

Å padle om vinteren når vatnet er kaldt, er ikkje risikofritt. Så dette treng du:

  • Vasstett lykt slik at båtar ser deg
  • Gode, varme klede og tørrdrakt
  • Gjerne refleks
  • Varm drikke
  • Kommunikasjonsutstyr
  • Hugs å alltid sjekke vêrmeldinga før du reiser
Kajakk til jul

BLÅTIME: Det er lurt å halde seg nære land og ha med seg ein erfaren kajakkpadlar om du skal ut på vinterfjorden. Kanskje får du også sjå lysande plankton Moreld, som Sigrid Henjum og Sander Buene fekk sjå i fjor!

5. Lag god mat på bål

– Det er jo lettare for mange å komme seg ut på små turar når ein kan gå på føtene. Gå ein trimtur og bruk gjerne tid på å lage bål og mat ute, foreslår Sigrid Henjum.

Ho har skrive bok om mat du kan lage utomhus.

  • Sigrid Henjum møtte vi i NRK-serien Fjellfolk

– Lag potetlefsedeig, eller knoa som det heiter i Sogn, heime. Klapp ut potetkaker som du kan steike på tørr panne over bål. Fyll med sennep, sylteflesk og raudbeter. Eller ein søt variant med smør, sirup og brun geitost, anbefaler den erfarne friluftsdama.

Pinnebrød er ofte ein slager hos store og små. Oppskrifta kan du finne hos NRK Mat:

6. Bad i fjorden

Blir det i overkant heitt framfor peisen? Det kan du løyse med å hive deg i fjorden. Sigrid Henjum skal ta eit julebad i fjorden på julaftan. Er du like tøff?

Slik blir julebadinga kjekk og trygg:

  • Ikkje bad aleine
  • Pass på at du har ein god stige til å komme deg opp igjen
  • Ha handklede og tørre ullklede lett tilgjengeleg
  • Ta med hue, ullsokkar og vottar
  • Set deg under eit ullteppe og drikk noko varmt når du kjem inn igjen
Sigrid Henjum og gjengen tek julebad

FRISKUSAR: Sigrid Henjum (i midten) hoppar i fjorden på julaftan.

Foto: Privat

7. Finn snøen på fjellet

Sjølv om snøen kanskje ikkje ligg i låglandet, er det kvitt høgre opp.

Senorge.no kan du sjekke kvar du kan finne skiføre i nærleiken av deg akkurat no. I same slengen er det lurt å sjekke vêrvarselet på Yr.no, og dessutan snøskredfaren på i ditt område på Varsom.no.

God tur!