Hopp til innhold

Seglande gullgruve for populær cruisehamn

Eitt cruiseskip har åleine tilført turistkommunen Aurland 35 millionar kroner i inntekter, meiner hamnevesenet.

MSC Meraviglia

10 TURAR: MSC Meraviglia på veg ut frå Ålesund. Denne veka vitja skipet Aurland. Kommunen med nesten 1800 innbyggjarar tek i mot ein million turistar kvart einaste år.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

På kaien i Flåm går det i alt frå italiensk til engelsk når turistar hastar vidare til Flåmsbana, eller opnar lommeboka for å kjøpe eit troll.

Årleg tek over ein million turistar turen til Aurland.

Onsdag la båten «MSC Meraviglia» til kai for siste gong i år. Skipet har plass til over 5000 passasjerar og har vore ti gonger i Flåm denne sesongen. Hamnevesenet meiner passasjerane på skipet har vore ei skattekiste for kommunen og regionen.

– Tar ein utgangspunkt i Innovasjon Norge sine tal, så legg kvar cruiseturist att 860 kroner per dag, inkludert utflukter som dei har kjøpt på førehand. Vi har hatt kring 40.000 passasjerar frå «MSC Meraviglia» denne sesongen, seier den assisterande hamnesjefen, Jon Olav Stedje.

Noko som betyr ein omsetnad på nær 35 millionar kroner berre frå dette skipet aleine.

Tala til Innovasjon Norge er frå 2014. Stedje meiner cruiseturistane legg att meir no enn for fem år sidan.

– Eg trur summen er høgare, sidan tala frå Innovasjon Norge er noko utdaterte. Vi skal jobbe for å få turistane til å opne opp lommeboka enda meir, seier Stedje.

Verdiskaping

Det har vore diskusjonar om kor mykje ein cruiseturist legg att. Forskar i Vestlandsforsking, Hans Jakob Walnum. seier at deira prosjekt har sett på nettopp verdiskaping som cruisenæringa står for. Dei har gått gjennom alle studiar publiserte i Noreg på emnet dei siste ti åra.

– Vi har sett at det blir brukt mellom 600 og 700 kroner, seier Walnum.

Han er mindre oppteken av skilnaden mellom deira og Innovasjon Norge sine anslag.

– Eit viktigare spørsmål er: Korleis kan me auke verdiskapinga, spør han.

Vestlandsforsking har blant anna sett at turistane vil ha meir kulturtilbod medan dei er på land. Det er ein av grunnane til at turistar legg att meir pengar i storbyar enn på mindre stader.

– Viktig for kroner og ører

I år er 270.000 cruiseturistar innom Flåm. For Aurland-ordførar Noralv Distad er det viktige pengar som seglar inn fjorden.

– Summen på 35 millionar kroner viser kor viktig cruisenæringa er for kroner og ører, samt arbeidsplassar lokalt. Det er trafikk og inntekt som tel, seier Aurland-ordførar Noralv Distad.

Det blir stadig fleire turistar i den vesle bygda inst i Aurlandsfjorden.

– Det har vore stor debatt om kor mykje eller lite ein cruiseturist legg att på land. Vi i Aurland har lang erfaring med cruiseturistar, og veit at passasjerane betyr veldig mykje for lokal verdiskaping, seier Distad.

Noralv Distad

GLAD FOR BESØK: Ordførar Noralv Distad (H) er glad for verdiane cruisenæringa skaper i kommunen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK