Hopp til innhold

Kristi Strømmen Kjerpeset satsar vidare mot NM-gull til helga

18-åringen drøymer om å konkurrere i fleire internasjonale meisterskap etter innsatsen under junior-VM.

Kristi Strømmen Kjerpeset

SPRANG MED SMERTER: 18-åringen har hausta mange gode erfaringar frå junior-VM og er særleg fornøgd med å ha gjennomført semifinalen trass i smerter i låret.

Foto: Ståle Jan Frøynes / Norsk Sprint

Under junior-VM i polske Bydgoszcz har florø-kvinna levert strålande resultat, trass i at det ikkje heldt til finaleplass på 100 meter hekk. I forsøksheatet sette Strømmen Kjerpeset krinsrekord med tida 13,73.

– Alt i alt er eg veldig fornøgd. Eg gjorde eit forsøk som håpa og sette ein solid personleg rekord som eg er veldig fornøgd med. Dessverre fekk eg litt småproblem i oppvarminga til semifinalen så eg var usikker på om eg kunne stille til start.

Sprang med smerter i låret

Under oppvarminga kjende Strømmen Kjerpeset smerter i låret.

– Det var nok berre ein veldig sliten muskel som ikkje ville spele heilt på lag. Så det var vondt, men det vart ikkje noko meir enn det. Eg kjenner berre så vidt til smertene i dag.

Smertene gjorde at 18-åringen ikkje kunne gjennomføre semifinalen som tenkt.

– Eg er fornøgd med å ha stilt til start der og gjennomført den slik at eg fekk oppleve den gode stemninga der ein gong til. Så eg reiser heim frå meisterskapen skadefri, med ny personleg rekord og ein semifinaleplass i lomma, så det er eg godt fornøgd med.

Tar med seg gode erfaringar vidare

Dermed nådde ho måla ho hadde sett seg før meisterskapen, med unntak av at semifinaleplassen.

– Hadde eg sprunge på tida 14,01 utan alt som skjedde i oppvarminga, hadde eg ikkje vore fornøgd. Men med alt som skjedde før så er eg fornøgd.

Ho tar no med seg masse gode erfaringar frå meisterskapen vidare i løpskarrieren.

– Det at eg gjennomførte semifinalen med smerter, stemninga her og det å reise som eit lag og all den støtte alle gir kvarandre vil eg ta med meg vidare. Det er veldig stort å ta med meg vidare.

Nye mål i sikte

Trass smertene og ein semifinale som ikkje vart heilt etter planen, så er ho motivert for fleire internasjonale meisterskap.

– Eg håpar det blir veldig mange fleire internasjonale stemner på meg for eg verkeleg nyt det!

Sjølv om ein muskel i låret streika før semifinalen har fysioterapeutane godt håp om at smertene vil gi seg og at Strømmen Kjerpeset vil kunne trene som normalt fram mot helgas NM. Der skal ho vere med og kjempe om medaljane.

– Det er utruleg høgt nivå på 100 meter hekk under NM, og det vil komme an på om Isabell Pedersen stiller til start. Men eg skal vere med å kjempe om medaljane, lovar Kristi Strømmen Kjerpeset.