Hopp til innhold

Her susar Kristi (18) inn til eit historisk sterkt resultat

Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) er klar for semifinalen på 100 meter hekk i junior-VM.

Kristi Strømmen Kjerpeset i sving under junior-VM

SEMIFINALE: Kristi Strømmen Kjerpeset vart nummer seks i sitt heat under junior-VM i Polen. Tida var likevel så sterkt at ho no kan bu seg til laurdagens semifinale.

Foto: Ole Morten Mardal

Under meisterskapen i polske Bydgoszcz susa 18-åringen inn til tida 13,73. Godt under hennar eigen krinsrekord på 14,09 frå i fjor.

– Det kjennest veldig bra, dette var målet. Eg visste at eg kunne springe på dei tidene, men å gjere det i forsøket når det verkeleg gjeld er veldig herleg, seier Kirsti Strømmen Kjerpeset.

Ho hadde mykje trøbbel sist sesong, og dermed gjorde det ekstra godt å setje ny personleg rekord.

– Det er fantastisk å lukkast. No forstår eg kvifor eg held på med dette. No må eg slutte å vere nøgd slik at eg er klar til å gjere det endå betre, seier sprintaren.

Braut magisk grense

Kristi Strømmen Kjerpeset

GLEDE: Her får Kristi Strømmen Kjerpeset greie på det gode resultatet. Ho leverte eit svært sterkt løp på 100 meter hekk under junior-VM i polen.

Foto: Ståle Jan Frøynes / Norsk Sprint

Med det braut Kristi Strømmen Kjerpeset for første gang den magiske 13 sekundsgrensa med god margin. Florø-utøvaren vart nummer seks i heatet der franske Laura Lalete vann med tida 13,25.

– Dette er eit kjempeløp av Kristi og ho har prestert veldig bra. Med tida slo ho ein god del av konkurrentane som før stemnet hadde betre personlege rekordar enn henne, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins.

Heatet til Kjerpeset var så sterkt at ho med sin 6. plass gjekk vidare til semifinalen som nummer tre av dei seks som gjekk vidare på tid.

Landslagstrenar Ole Morten Mardal frå Sandane er ikkje overraska over det sterke løpet.

– Kristi er i god form, har lagt godt opp forma til meisterskapen og presterte eit veldig bra løp, seier han.

– Men det er eit utruleg sterkt resultat. Kristi kom til meisterskapen med 37. beste personlege rekord og står etter øvinga i dag med 19. beste tid, seier han.

Trur på betre tider

18-åringen frå Florø har allereie nådd målet sitt for meisterskapen når ho laurdag stiller på startstreken i semifinalen. Mardal trur det skal halde hardt å gå vidare til finalen.

– Verdas beste juniorar har eit utruleg høgt nivå og ho møter utøvarar som er eldre enn henne. I dag var det tider ned mot 13-talet og eit koppel med løparar på tider under 13.35, seier han.

– I dag skal vi gle oss over det sterke løpet, og så håpar vi på ei ny sterk tid laurdag. Eg trur ho kan presse tida endå litt til, avsluttar Mardal.

Srinteren sjølv gler seg til nytt løp.

– Å springe slik eg gjorde i dag er veldig viktig, det gir ny motivasjon og eg ser at kroppen fungerer.