Hopp til innhold

Satsar på toppidretten med pacemaker

HØYANGER (NRK): I fjor sommar opererte han inn ein pacemaker. I år syklar han 120 kilometer kvar dag for å nå draumen om Tour de France.

André Heggø

TATOVERING: Tatoveringa André Heggø har på underarmen illustrerer godt kvifor han i fjor sommar fekk operert inn pacemaker. – Den viser dobbeltslaga, åtte sekund pause som eg hadde om natta, og den vanlege hjarterytmen, fortel han.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Det var tøft i starten til vi fann rette innstillinga i februar, men no går det fint, fortel sykkeltalentet André Kjønås Heggø frå Høyanger.

Landslagssyklist med hjartefeil

André Heggø

SATSAR: Med pacemaker legg sykkeltalentet André Kjønås Heggø bak seg opp til 15 mil på sykkelsetet kvar dag for å bli best mogleg.

Foto: Fredrik Helland / NRK

For det var ikkje gitt at 18-åringen, som studerer ved NTG i Bærum og representerer Ringerike Sykkelklubb, i dag skulle vere ein del av landslaget «Morgendagens Helter» i sykling. AV-blokk grad II type 2 er ein uvanleg diagnose for eit så ungt menneske.

Det var likevel den som gjorde at han, to veker etter ei individuell bronse og gull i lagtempo i junior-NM, måtte under kniven .

SJÅ TV-SAK: Vi kan tydeleg sjå sjølve boksen då André Heggø dreg ned skjorta. Arret er til høgre. (FOTO/REDIGERING: STEINAR LOTE/NRK)

– Situasjonen endra seg dramatisk på få månader. Eg sleit med dobbelt hjarteslag og kvilepuls på 22 slag om natta. Eg svima av og var ganske dårleg, seier Heggø.

– Som ein kniv i magen

Andre Heggø

OPERERT: Allereie etter operasjonen var André Kjønås Heggø ved godt mot og klar for å legge ut på landevegen.

Foto: Privat

Beskjeden var hard å få for heile den sykkelglade familien i Høyanger.

– Det var som å få ein kniv i magen og vridd om. Det var frykteleg tungt å tenkje på at vi har sendt ungane åleine på så mykje trening med ein slik hjartefeil, seier pappa Kjartan Heggø.

Det var ingen veg utanom pacemaker, men kva følgjer det kunne få for satsinga var uvisst.

– Vi vurderte om han kunne halde fram, men spesialistane meinte det skulle gå fint, legg pappa Heggø til.

Satsar mot VM

Kai Lexberg

HAR TRUA: Kai Lexberg seier litt flaks, som å komme inn på eit godt kontinentallag på rett tid er viktig for å halde ei gud utvikling på dei sportslege prestasjonane.

Foto: Norges Cykleforbund

Og fint har det gått. Eitt år og ein dag etter operasjonen trilla 18-åringen inn til ein sterk siger på kongeetappen i Tour de Hallingdal. Årets junior-NM vart derimot øydelagt av magetrøbbel.

Kai Lexberg, landslagsleiar for juniorlaget i landeveg, meiner Heggø viser fin utvikling og kan nå langt.

– Det er opp til han sjølv, men han må trene og prestere, seier Lexberg.

– Det er kjekt å høyre, så eg håpar han tek meg med til VM, avsluttar Heggø og legg til at sesongens store mål er nettopp å stå på startstreken under junior-VM i Innsbruck.