Om uhellet skulle vere ute kan kundane dokumentere kva som har gått tapt ved å gå til bildedatabasen, seier Per Svein Reed i Eurofoto.
- Når folk som er i sjokktilstand skal skrive ned kva dei har i huset, har dei ikkje det ikkje ein sjanse til å hugse det. Ved å fotografere verdigjenstandane sine, og leggje dei i eit sikkert arkiv utanfor huset, er det lettare å rekonstruere seinare, forklarar Reed.
Vonar å tene pengar
I år ligg det an til at digitale kamera står for 95 % av kamerasalet i Noreg. Dermed vert det fleire og fleire bilete som kan lagrast på ein PC, og det er denne marknaden som Eurofoto på Breim har klart å ta kring 40 prosent av. Med kundane til forsikringsselskapet IF vonar dei å tene enno meir pengar.
- Det er gratis lagring, så det er på kopiering av bilete vi tener bilete, seier han.
- Unikt samarbeid
Avtalen med IF inneber at det er 3,6 millionar menneske som får tilbod om å lagre bileta sine digitalt hos Eurofoto. Og grunder Per Svein Reed trur dette er eit unikt samarbeid.
- Eg er sikker på vi er dei einaste som har ein slik avtale. Dette er heilt nytt i forsikringsbransjen, seier Reed.