Hopp til innhold

Satsar på campingliv ved Oldevatnet

OLDEDALEN (NRK): Dei gjekk frå faste jobbar for å drive campingplass i Oldedalen. – Eg har ikkje angra eit sekund, seier Cecilie Sunde.

Oldenvatn camping

CAMPINGLIV: Cecilie Sunde og Per Johnny Tenden flytta til Oldedalen for å drive campingplass.

Foto: harald Kolseth / NRK

Cecilie Sunde og Per Johnny Tenden flytta til Oldedalen og tok over campingplassen til Sunde sine foreldre i fjor.

– Det strålande. Vi har kjempebra belegg. Det er fullt på hyttene og vi er kjempefornøgde, seier Cecilie Sunde.

På campingplassen sel dei både fiskestenger og fiskeutstyr, og eit lite utval med daglegvarer.

– Det er for at folk skal få sleppe å ta laust dersom dei manglar ein ingrediens til middagen, fortel Per Johnny Tenden.

Forlèt faste jobbar

For eitt år sidan overtok plassen frå foreldra til Cecilie, som hadde drive campingplassen i mange år. Cecilie og mannen forlèt faste jobbar til fordel for å drive camping.

– Vi satsa litt då vi tok over her, men vi hadde trua på det, og så langt har det gått bra, seier Sunde.

Per Johnny gjekk frå kassen på Vinmonopol til turistbransjen.

– Eg har jobba mange år i turistbransjen før, så eg har jo erfaring med det. Men eg synast det er veldig kjekt og det er eit stort potensial her. Det ønsker vi å utnytte, seier Per Johnny Tenden.

Turistane frå heile verda finn vegen til campingplassen i Olden.

– Det er mykje tyskarar og nederlendarar som kjem hit, men vi ser også ei stor auke av asiatiske/kinesiske, arabarar, indarar og israelarar, russarar kjem det meir av. Ein ser ei stor auke av dei som byrjar å få meir pengar, seier Tenden.

Språket byr på få utfordringar

– Det går veldig bra. Per Johnny snakkar tysk, men eg held meg til norsk og engelsk, fortel Sunde.

Sunde tidlegare på ein sportsbutikk i Stryn.

– Der jobba eg i mange år. Når vi fekk dei to minste barna valde vi å flytte opp hit og ta over campingplassen, seier Sunde.

Det har ho ikkje angre eit sekund på.

– Ein kjenner på det at det skal vere i familien, men det var eit nøye gjennomtenkt val før vi tok steget og flytta opp. Vi har veldig trua på det. Det er ein fin campingplass vi har teke over med stort potensial vidare, seier Sunde.

Hoven Loen

LOKKAR TURISTAR: Den nyopna Gondolbana til fjellet Hoven i Loen er populær blant dei tilreisande.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ringefektar

På campingplassen merkar dei to godt ringeffektane av det som skjer i nærområdet.

– Vi merkar absolutt turiststraumen til Hoven, Via ferrataen og all aktivitet er med å bidra til turismen også her, seier Sunde.

For gjere det triveleg for turistane som bur på campingplassen har dei lagt til rette med både sykkelbåt, bord og grillmogelegheiter.

– Vi satsar mykje på familiar, og har mange faste vogner med småbarnsfamiliar. Då må vi ha litt aktivitetar for ungar.