Hopp til innhold

Ingen stor «flyskam-effekt»

SOGNDAL (NRK): Trass i «flyskam»-debatt, så flyr me like mykje som før. Men det ser ikkje ut til at veksten held fram i same tempo som dei siste åra.

f.v. Bente Ulvestad, Henning Norheim og Marte Fylkesnes

KOM MED MORGONFLYET: Bente Ulvestad (t.v.), Henning Norheim og Marte Fylkesnes landa på Sogndal lufthamn Haukåsen onsdag morgon. – Eg flyr mindre no enn før, seier Fylkesnes.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg ønskjer å fly mindre, men kanskje eg ikkje greier det, seier Henning Norheim.

Han har nettopp landa med morgonflyet på Sogndal lufthamn Haukåsen, og seier han kjenner litt på den såkalla «flyskamma».

Flytrafikken bidreg til store klimagassutslepp globalt. Til dømes slepp ein person som flyr tur/retur Oslo-Beijing ut over fem tonn CO₂-ekvivalentar , alt etter korleis ein reknar.

Men verken ordet «flyskam» eller all merksemda fly og klima har fått, ser ut til å påverka folk til å faktisk fly mindre i nemneverdig grad.

I Nord-Noreg viser ferske meiningsmålingar at tre av fire nordlendingar ikkje kjenner på flyskam.

Tal frå Avinor viser at det til og med juli i år var ein halv prosent fleire passasjerar innom norske flyplassar enn same periode i 2018.

– Folk reiser som før. Det har skjedd veldig lite endring i nordmenns reisevanar med fly dei siste fire–fem åra, fortel Harald Thune-Larsen, som er forskar ved Transportøkonomisk institutt.

Forskerne Carlo Aall og Hans Jakob Walnum i Vestlandsforsking har bidratt med utregninger til videoen om fiktive "Amy" fra USA. Her er tallene bak beregningene. 
Cruise: I beregningen for cruiseutslipp er det brukt et gjennomsnittskip på mellom 75 000-100 000 bruttotonn som frakter i snitt 2557 cruisepassasjer, og anvendt et faktisk cruise som er innom Flåm (https://www.ving.no/cruise/cruise-i-nord-europa/cruise-norske-fjorder-111724/reiserute). Distansen som er brukt er 1547 kilometer én vei, som er tatt fra faktisk cruise, og innebærer at seilingsdistanse er lengre enn korteste rute mellom Flåm og København. Kildehenvisning: Simonsen, M., Gössling, S., & Walnum, H. J. (2019). Cruise ship emissions in Norwegian waters: A geographical analysis. Journal of Transport Geography, 78, 87-97. https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0966692318309116?dgcid=coauthor
Fly: En av kildene knyttet til beregning av utslipp fra transatlantiske fly som er brukt er: https://theicct.org/sites/default/files/publications/Transatlantic_Fuel_Efficiency_Ranking_20180912_v2.pdf. Denne kilden finner et snitt på 74 gram CO2 per passasjer km, og viser at et snitt på rundt 70 gram er en fornuftig antakelse for langdistanse flyvinger.
Det er faglig uenighet om hvordan man skal beregne klimaeffekten av utslipp fra langdistansereise med fly; det har å gjøre med hvilken faktor man skal bruke for å ta hensyn til at utslippene skjer i høyere luftlag. I disse beregningene er det brukt en faktor midt mellom øvre (2,5 og nedre (1,2) anslag, som blir brukt av ulike fagmiljøer. I beregningen er det lagt til grunn 67,57 g CO2/personkilometer for transkontinentale flyginger x 1,6 tilleggseffekt for å ta hensyn til at utslippene skjer i høyere luftlaft.
Bilkjøring: I regnskapet for bilkjøringssammenligningen er utslippsfaktor per vognkilometer for langkjøring med en gjennomsnittlig bensindreven privatbil: 157 gram CO2. 
Dette motsvarer 2 137.000 gram CO2 / 157 g CO2/km = 13.616 km. Avstanden Oslo-Trondheim er 494 km; dvs 28 turer én vei.
Grafikk: Christoffer Holm/Marius Lübbe/Renate Rognan 
Journalister/research: Marius Revold,/Håvard Heggen/Trude Furuly

Status quo

Sjølv om det er ein liten vekst, er den likevel mindre enn den har vore dei føregåande åra. Innanlandstrafikken har sokke med 0,4 prosent, men utanlandstrafikken har auka litt meir.

Harald Thune-Larsen

FORSKAR: Harald Thune-Larsen ved Transportøkonomisk institutt.

Foto: Svein Erik Dahl

– På kort sikt er det ein tendens til at trafikkveksten innanlands har falt litt dei siste månadane, men det er for tidleg å seia noko om kvifor, seier Thune-Larsen, og trekk fram blant anna SAS-streiken som ein mogleg faktor.

Han trur ikkje det er klimasamvitet vårt som gjer at veksten har stagnert. Heller økonomien og kronekursen .

– Me såg det same etter oljekrisa i 2014 og 2015. Då sank krona i verdi. Sidan då har me sett ein stagnasjon. Me reiser om lag like mykje, som då, men heller ikkje så mykje meir, seier han.

Flyselskapa aukar på

– Aldri før har så mange reist med SAS i juni og juli.

Lasse Sandaker-Nielsen

NORWEGIAN: Lasse Sandaker-Nielsen er informasjonsdirektør i Norwegian.

Foto: Jim Anderson/Boeing Photographer / Norwegian

– Folk flyr som aldri før. Me har passasjerauke stort sett kvar månad.

Utsegna er frå Knut Morten Johansen og Lasse Sandaker-Nielsen, kommunikasjonssjefar i SAS og Norwegian. Dei kan melda om eit bra 2019 så langt.

– Sjølvsagt er folk meir bevisste på dette. Me gjer det me kan, og det er å investera i ei ny flyflåte. Det som bidrar mest på kort sikt er å investera i nye fly. Me har redusert utsleppa per passasjer på 30 prosent sidan 2008, seier Sandaker-Nielsen i Norwegian.