Hopp til innhold

Santos blir klar til Molde-kampen

Berre dagar etter at brasilianaren Ricardo Santos skreiv under kontrakt for Sogndal, blir han med laget på kamp.

Ricardo Santos

BLIR MED TIL MOLDE: Ricardo Santos blir med når Sogndal reiser til Aker stadion for å spele mot Molde i morgon.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sogndal Fotball har fått stadfesta Santos er speleklar til laurdagens eliteseriemøte med Molde. Det seier assistenttrenar Håvard Flo til NRK.no fredag.

Det betyr at 25-åringen er med i troppen som skal møte dei tidlegare Sogndal-spelarane Børre Steenslid og Even Hovland på Aker Stadion. Kampen skulle eigentleg gå søndag, men er flytta fram til laurdag etter ønskje frå Molde.

Det er førebels uvisst om spissen blir sett rett inn på laget, men Flo seier til NRK.no at brasilianaren har vist gode takter på trening denne veka.