Hopp til innhold

- Eit klokt val av trenar Olsson

Berre namnet på den første brassen i Sogndal-stallen gjer at fotballekspert Jon Navarsete har trua. Han er overtydd om at Ricardo Santos blir eit friskt pust som vil bidra til fleire sigrar.

Jonas Olsson og Ricardo Santos

FRÅ SVERIGE: Jonas Olsson kom sjølv frå Sverige til Sogndal. No har han henta brasilianaren Ricardo Santos som har spelt i Sverige dei siste åra.

Foto: NRK

– Namnet åleine osar av kvalitet, så dette blir spennande, seier Navarsete til NRK.no.

Onsdag vart det klart at 25 år gamle Ricardo Santos byter ut den svenske klubben Djurgården til fordel for ein treårskontrakt med Sogndal.

Trur Santos blir viktig for laget

Sogndal har ikkje fått det heilt til i det siste, etter det som var ein knallstart på sesongen i vår. No ventar tre tøffe kampar mot Molde, Rosenborg og Sandnes Ulf og Sogndal-ekspert Jon Navarsete meiner det var klokt å hente Santos.

– Det er så enkelt som at Sogndal må skåre meir mål. Sogndal har allereie ein god stall, men når ein ikkje skårar mål så må ein gjere noko.

– Difor er dette eit fornuftig val. Eg trur dette vil skape litt meir «guts» i spelargruppa, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Navarsete

SPENNANDE: Sogndal-ekspert Jon Navarsete er overtydd om at trenar Jonas Olsson har gjort eit klokt val når han no har henta stjernespissen Ricardo Santos frå Sverige.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Ein komplett spelar

Sogndal-trenar Jonas Olsson skildrar nykomlingen som ein klassespelar og trur han vil vere ein referansespelar for dei unge og lovande i klubben.

– Det er ein veldig komplett spelar som er stor og sterk. Han er bra med hovudet og begge føtene, og så har han bra fart, seier Olsson til NRK.no.

Også dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, er full av lovord om brasilianaren. Han trur 25-åringen kan vere med å skape entusiasme både for laget og dei på tribunen.

Håpar på sambatakter

Navarsete er samd og vel å håpe på litt sambatakter frå den første brasilianaren i Sogndal.

– Eg håpar han er av typen som skapar litt liv på tribunen. Han kjem frå Brasil, og der har dei eit forhold til fotballen, og dette er kvalitetar eg trur vi vil få sjå, seier Navarsete.

Fotballeksperten håpar stjernespissen sjølv kjem med det mål for auget at han vil bidra til laget.

– Eg håpar han er rette typen, ein som vil bidra og vise seg fram.

– Då trur eg han kan bli ein forløysande faktor som lettar litt på trykket for dei andre spissane.