– For oss er det eit veldig drastisk kutt. Glutenfri mat er mykje dyrare enn vanleg mat, og med regjeringa sitt forslag kjem vi til å gå i minus, seier Liv Janne Bell Jonstad.
Ho er mor til Bendik Matias (8) og Sanna Oliva (9) som begge har cøliaki. Det betyr at dei ikkje toler å få i seg matvarer som inneheld gluten. Om dei et pasta, brød eller bollar så kastar dei opp og blir sjuke.
Sidan dei er avhengige av å kjøpe dyr glutenfri mat, får foreldra 2000 kroner i månaden for kvar av dei for å dekke mellomlegget. I sitt forslag til statsbudsjett har regjeringa foreslått å kutte dette rundt 70 prosent, til litt over 600 kroner.
– Det låg i korta at det skulle kome ei nedgang, men eg håpar verkeleg ikkje at dei får gjennomslag for eit så drastisk kutt, seier Jonstad.
Ho fortel at ho og familien prøver å ha eit nøkternt matbudsjett, likevel kostar det mykje ekstra pengar å kjøpe den glutenfrie maten.
Når NRK ber ho om å fylle to handlekorger med basisvare ho ser føre seg å bruke i løpet av ei veke, blir skilnaden på prislappen for glutenfri og vanleg meir enn 500 kroner. (Sjå kva som var i handlekorgene i slutten av saka).
– Og i tillegg er det mykje mindre i mange av pakkane med glutenfri mat, seier ho.
Men statssekretær Morten Bakke i Arbeids- og sosialdepartementet meiner at pengestøtta til folk med cøliaki har vore for høg i mange år, og at det er difor regjeringa vil setje ho ned.
– Vi har fått ekspertar til å sjå på kor mykje pengar det kostar ekstra å kjøpe glutenfri mat, og det syner seg at det nivået som vart fastsett for tjue år sidan ikkje er riktig.
Regjeringa viser til at det har kome eit mykje betre utval av glutenfri mat dei siste åra, og at prisane har gått ned.
Fryktar mange ikkje kjem til å få i seg nok næring
Jonstad og familien seier at dei kjem til å halde fram med å ha eit sunt og næringsrikt kosthald, sjølv om regjeringa kuttar i stønaden deira. Likevel fryktar ho at ikkje alle kjem til å tenkje på same måten.
– Det er fryktar mest er eigentleg at ein del born og unge ikkje kjem til å få i seg nok næring når foreldra ikkje får desse pengane kvar månad.
Dette var i handlekorgene til Liv Janne
- Ein pizza Grandiosa
- Sju brød
- Ein pakke tortillalefse
- To kilo mjøl
- Ein pakke knekkebrød
- Ein pakke pølsebrød