Hopp til innhold

Samla toppforskarar i Sogndal for å løyse karbongåta

SOGNDAL (NRK): Kan vi løyse klimautfordringane med å fange meir karbon? Forskarar frå fleire forskingsinstitusjonar var i dag samla i Sogndal for å prøve å finne ut av det.

Carlo Aall

AMBISIØS: Carlo Aal og Vestlandsforskning er ambisiøse, og ser ikkje på plasseringa si i Sogndal som ei ulempe.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har eigentleg gått vekk ifrå å prøve å finne tekniske løysingar på å fange karbon, slik ein lenge forsøkte seg på Mongstad, seier forskingsleiar ved Vestlandsforskning Carlo Aall.

Det er han som har samla eit knippe klimaforskarar av høg rang i Sogndal i dag. Målet er å diskutere dei mest effektive formane for karbonfangst.

– No er det biologisk fangst vi fokuserer på. Det handlar til dømes om å ta vare på skogen og å byggje i tre. Om vi hadde bygd fleire stavkyrkjer kunne vi ha fanga mykje karbon for å seie det sånn, spøker Aall.

Forskarar frå ulike institusjonar i Bergen og Oslo har teke turen for å ause av sin kunnskap om klimaløysingar. Aall tykkjer ikkje det er unaturleg at det er Sogndal som er senter for konferansen.

– Vi har faktisk eit forskingsmiljø her på Vestlandsforskning i Sogndal som er leiande på fleire felt, seier Aall.

Berre ein fordel å vere i Sogndal

På Vestlandsforskning jobbar meir enn tretti samfunnsforskarar, men samanlikna med likande forskarmiljø i Oslo, Bergen og Trondheim sit dei i eit forsvinnande lite miljø.

Direktør Merete Lunde tykkjer likevel ikkje plasseringa i Sogndal er ei ulempe.

– No har vi vore i Sogndal og Sogn og Fjordane i mange år, og det gir oss berre moglegheiter. Vi har ei tettare kontakt med både næringsliv og andre aktørar enn mange andre forskingsmiljø, seier Lunde.

Merete Lunde

UTMERKA: Vestlandsforsking har fått utmerkinga "utmerka" norsk forskingsråd.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Hentar inn kunnskap

Forskarane i klimagruppa på vestlandsforsking er innom tema som lokal miljø- og klimapolitikk, fornybar energi og berekraftig drivstoff.

Difor hentar dei inn folk frå andre forskingsmiljø som kan dele kunnskap om karbonfangst, som Vestlandsforsking ikkje har forska på sjølv.

Karbonfangst blir sett på som ein av løysingane for at verda skal nå klimamåla frå Paris i 2015.

Men sjølv om teknologien går framover, er det eit stykke att før det kan løyse alt, fann forskarane ut i Sogndal.

– Den teknologiske måten å fange CO₂ har sine negative sider. Det kostar mykje og krev mykje energi. Så etter kvart som vi lærer meir om dette bedrar det eigentleg motivasjonen til å heller redusere utsleppa. Det å fange karbon bør vere plan B, C eller D, seier klimaforskar Carlo Aall.

Les også: