Hopp til innhold

Forskarar: CO₂-utslepp kan gjere fjordane og kystområda meir livlause

CO₂-utsleppa i atmosfæren gjer havområda, kysten og fjordane surare og meir livlause, fryktar forskarar.

Sognefjorden

FJORDAR: Forskarane fryktar vi vil merke havforsuringa best i fjordane og kystnære strok i Norge. Forskingsprosjektet på forsuring av fjordane er leia frå Vestlandsforsking i Sogndal, men det er eit område i Hardanger og eitt i Lofoten der sjølve forskinga skal skje.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Norge vil konsekvensane bli aller størst i fjordar og langs kysten, fryktar forskarane.

– Havforsuring er som klimaendringane sin mindre kjende tvillingbror, seier Idun Husabø ved Vestlandsforsking.

Ho jobbar med å formidle arbeidet som forskarane gjer, og no skal havforsuring fram i lyset. For livet i dei kystnære havområda er truga av havforsuring, som skuldast dei rekordhøge innhaldet av co₂ i atmosfæren som følge av menneska sine utslepp.

Auka innhald av CO₂ i atmosfæren, gjer at pH-verdien i havet søkk. Det bekymrar forskarane.

– Det blir surare enn det har vore på millionar av år. Og forsuringa skjer fortare enn vi tidlegare har målt, seier Halvor Dannevig.

Bekymra for kystlivet

Tidlegare er det gjort mest forsking på havforsuring i dei opne havområda.

Halvor dannevig

PROSJEKTLEIAR: Halvor Dannevig ved vestlandsforsking leiar forskingsprosjektet på korleis ein kan tilpasse seg surare hav i kystområda.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Forskarane fryktar at konsekvensane av havforsuringa vil bli aller størst i fjordar og kystnære strok i Norge. Det er fordi havforsuringa kan verke saman med andre problem, som oksygenmangel, auka tilførsel av næringsstoff og global oppvarming.

Grunnen til at forskarane er bekymra, er at plankton og små organismar som må lage skjel for å leve, er dei som kan bli taparane i eit surare hav. For eksempel er alle korallrev truga innan 2050.

– Vi veit ikkje kva som skjer dersom planktonproduksjonen blir endra. Det er motoren i det marine økosystemet, grunnpilaren i næringskjeda. Det er sannsynleg at det vil bli mindre liv i havet, eller anna type liv, seier Dannevig.

Også egg og larver slit når det blir surare klima i vatnet. Spesielt atlantisk torsk er sterkt truga av auka forureining, har tyske forskarar funne ut.

– Lakseoppdrett er ikkje direkte truga, for laksen er mest sårbar når den er i yngelfasen rett etter klekking. Men det kan bli eit problem for villaks, og for torsk. For det dei et, og maten deira igjen, seier Dannevig.

Havforsuring

PROGNOSAR: pH-verdien i havet kan bli lågare enn den har vore på millionar av år fram mot 2100.

Foto: Vestlandsforskning

Treigheit skapar trøbbel

Forsuring i hava heng sterkt saman med klimautfordringane, fortel Halvor Dannevig. Vi må bu oss på at vi vil få problem med surare hav sjølv om menneska klarar å avgrense utsleppa av CO₂.

– Havforsuringa vil gå sin gang sjølv om vi klarar å redusere eller stabilisere CO₂-utslepp. Det er fordi det er ei større treigheit i utvekslinga mellom hav og atmosfære, fortel Dannevig.

Eit havområde i Hardanger og eitt i Lofoten skal følgast tett av forskarane. Målet er å finne ut kva dei som forvaltar havområda kan gjere for å tilpasse seg havforsuringa, og korleis dei kan gjere noko med den.

– Det som kan gjere begge deler, er til dømes taredyrking. Tare trivst godt i surare hav. Eller ein kan motverke lokale kjelder til forsuring, som å bremse avrenning, fortel Halvor Dannevig.

Vestlandsforskarar

Forskarar frå Vestlandsforsking, NIVA, Nordlandsforskning Nord universitet og Scottish Association for Marine Science (SAMS) har slått seg saman for å finne ut kva havforsuring kan gjere med livet under overflata langs kysten og i fjordane der oppdrett- og fiskerinæringane held til.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK