Hopp til innhold

– Du kan sjå for deg ein slags støvsugar frå lufta

Forskarar meiner at det hastar med å finne løysingar for å fange co₂ under bakken for å nå målet om å halde den globale oppvarminga under to grader.

Norsk skog

NATURLEG CO₂-FANGST: Er klimaløysinga å fjerne eller fange CO₂? Det skal forskarane på Vestlandsforsking og Cicero diskutere på klimaseminar i Sogndal fredag 17. februar. Blant anna skal dei snakke om co₂-fangst, og om skogplanting kan vere ei løysing for å binde CO₂ frå atmosfæren i framtida.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Du kan sjå for deg ein slags støvsugar frå lufta, som skal kunne absorbere co₂ frå atmosfæren, fortel klimaforskar Karen Richardsen Moberg.

Forskarane ser for seg mange ulike vegar for å nå togradarsmålet frå Paris-avtalen. Mange av vegane inneber at vi klarar å fange co₂ på jorda.

På klimamøtet i Paris i 2015 bestemte dei 160 landa som deltok at vi skal prøve å halde den globale oppvarminga under 2 grader – og helst under 1,5 om vi får det til.

Mange av forslaga til korleis vi kan klare å halde oss til denne temperaturstigninga inneber teknologien verda vil ha. Blant anna må vi lære oss å fange og lagre co₂ frå lufta før hundreåret er omme.

Karbonfangst- og lagring

– Eg har høyrt om det. Er det ikkje CCS som er forkortinga, Carbon Capture Storage, seier Emil Brennbakken.

Karen Richardsen Moberg

FORSKER: Karen Richardsen Moberg jobbar på Vestlandsforskning i Sogndal. Ho synes vi ikkje berre må lene oss på teknologi som kjem i framtida, men også ta grep for å kutte klimagassutsleppa no.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Fysikkstudentane Emil og Ken Marius Karlstad har fått med seg utviklinga av teknologien i klimadebatten.

– Det er vel på ein måte å lagre co₂ under bakken, seier Ken Marius Karlstad.

Og det er akkurat der skoen trykkar: Forskarane har ikkje heilt fått til å lagre co₂-en på ein sikker måte enda.

– Så dette er ikkje teknologi som er klar til å rulles ut i morgon, fortel klimaforskar Moberg.

Framleis i utvikling

Teknologien for å fange co₂ er framleis i ein utviklingsfase, fortel klimaforskar Richardsen Moberg.

Ho tykkjer det er skummelt å satse alt på at vi skal klare å finne opp den riktige teknologien før dvi når slutten av dette hundreåret.

– Det gjer meg litt bekymra at vi er så villige til å tenke at i framtida har vi så geniale teknologiar at vi ikkje treng å kutte i dag. Vi veit jo ikkje enda kor mykje vi kan håpe på negativ utsleppsteknologi i framtida, seier Richardsen

Kan vi klare oss utan teknologien som fangar og lagrar co₂?

Melkøya, desember 2010

REINSEANLEGG: På Melkøya utanfor Hammerfest finst eit reinseanlegg som reduserer CO₂ i gassen. Slikt vil forskarane ha meir av.

Foto: Allan Klo

– Det finst utviklingsbaner som prøver å berekne kva vi må gjere dersom vi ikkje har teknologiane i framtida. Det er mogleg. Berre at vi må gjere meir radikale kutt frå no av, seier Karen Richardsen Moberg.

På grupperommet er fysikkstudentane litt småskeptiske til korleis klimaframtida vil sjå ut.

– Eg er litt ambivalent til det spørsmålet. Eg håpar det blir betre. Men eg trur det tek lang tid, seier Emil Brennbakken.

– Ja, eg må sei meg einig der. Eg trur ikkje vi vil oppleve eit reint grønt skifte i Noreg eller verda med ein gong.

Lurar du på kvifor forskarane vil ta co₂ ut av atmosfæren? Selda forklarer kvifor:

Selda Ekiz om temperatur og co2 siste 800 000 år.