Hopp til innhold

Her fekk Høyangertunnelen naudnett

FØRDE (NRK): Eit samrøystes fylkesting seier ja til naudnett i Høyangertunnelen. Berre Senterpartiet streta i mot.

Fylkestinget røystar over naudnett i Høyangertunnelen

JA TIL NAUDNETT: Eit samla fylkesting sa tysdag ja til å bruke pengar på å byggje ut naudnett i Høyangertunnelen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette er ein gledens dag, kunngjorde Ole Gunnar Krakhellen (H) då han opna debatten i saka.

Eit samrøystes fylkesting gjekk inn for at Høyangertunnelen skal få naudnett og DAB-dekning for 20 millionar kroner. For om lag eitt år sidan var tonen ein heilt annan. Då meinte det raudgrøne fleirtalet at det var for dyrt.

To tunnelbrannar snudde Ap

Helen Hjertaas, samferdselspolitikar for Arbeidarpartiet fortel kvifor dei har snudd.

– Sidan fyrste handsaming har vi hatt to tunnelbrannar, og ei brannøving i Høyangertunnelen som syner kor viktig naudnett er. Samtidig er prisen no 20 millionar, og ikkje 50 millionar. Dessutan vil Høyanger kommune bidra med ein million.

Også Senterpartiet vart med på vedtaket. Men dei argumenterte mot det. Dei meiner fylkeskommunen ikkje har råd til det, og frykta at det vil skape presedens for andre tunnelar.

Brekkstong

– Alle i denne salen ønskjer naudnett. Og det hadde vore lett om vi slapp å tenkje på økonomi. Når vi no ser at det er eit fleirtal som ønskjer det, vil ikkje Senterpartiet røyste i mot det, sa fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Men Sp ville ha med formuleringar om at dette ikkje skulle skape presedens, og at ein må prøve å endre dei nasjonale kriteria for kva tunnelar som skal få naudnett.

– Vi vil bruke Høyangertunnelen som ei brekkstong for å endre tunnelforskrifta, sa Følling.

Men forslaget fekk berre Senterpartiet sine 10 røyster.

Saka vart flytta fram som fyrste sak i fylkestinget, for allereie i ettermiddag skal Statens vegvesen i møter som skal leggje grunnlaget for arbeidet i Høyangertunnelen.