Ei øving gjort nyleg viste at tryggleiken vil ha alvorlege manglar utan naudnett, det seier brannsjef i Høyanger, Olav Nordgulen.
– Alle ønskjer å hjelpe til viss det skjer ei alvorleg ulukke. Men vi kan ikkje sende folk inn utan å vite nokon ting. I verste fall blir vi ståande hjelpelause på utsida, utan å kunne redde, seier han.
- Les også:
- Les også:
– Nesten ein skandale
I haust skal tunnelen oppgraderast for vel 170 millionar kroner, men fleirtalet av fylkespolitikarane vil ikkje bruke dei 50 millionane ekstra det kostar å få på plass det nye naudnettet.
Årsaka er at trafikkmengda ligg under kravet. Forskrifta seier at tunnelar med trafikk på under 5000 bilar i døgeret ikkje er pålagt å ha naudnett.
Likevel håplaust, meiner brannsjefen.
– Eg meiner det er nesten er ein skandale. Det ein av dei lengste tunnelane i Norge og han er i kurvatur, slik at naudnettet berre når nokre få hundre meter. Då har vi 7,5 kilometer utan radiosamband eller naudnett, seier han.
Vil diskutere å endre vedtak
Også politiet ber no fylkeskommunen om å tenke seg om ein gong til, det seier Per Rimmen, fagleiar for samband i politiet i Sogn og Fjordane.
– Vi vil trykke på for å få naudnett, slik at vi kan gjere den jobben vi er sett til å gjere den dagen det skjer noko, seier han.
Les også:
Leiar i Samferdsleutvalet til fylkeskommunen Arnstein Menes frå Senterpartiet var ein av dei som i fjor røysta i mot naudnett.
– Utgreiinga vi fekk til handsaminga i fylkestinget var tydeleg på at vi tilfredsstiller krava i tunnelforskrifta. Men eg registrerer rapporten som kjem no og på neste møte i samferdsleutvalet kjem vi til å gå gjennom den. Så får vi diskutere om det er grunnlag for å endre vedtaket vi har, seier Menes.
Distad vil ha naudnett
I oktober i fjor føreslo Høgre, Venstre og KrF å bruke 50 millionar kroner på naudnett, Høgre sin gruppeleiar Noralv Distad meiner framleis at naudnett bør på plass under oppgraderinga no i haust.
– Trafikken er ikkje veldig stor, men vi må òg ta omsyn til lengda på tunnelen. Eg er heilt sikker på at det vil kome krav til naudnett i nær framtid, då vil det bli enno dyrare å ta det att, seier han
I Høyanger meiner brannsjef Olav Nordgulen at det blir svært krevjande å drive redningsarbeid utan at naudnettet kjem på plass.
– Det burde ikkje vere slik at det er avhengig av kvar du er i Norge om du får naudnett. Eg meiner Vegstyresmaktene burde sett krav til naudnett i tunnelar over ei viss lengde, seier han.