Hopp til innhold

Berre Sp røysta mot naudnett i Høyangertunnelen

FØRDE (NRK): Fleirtalet i fylkespolitikken har ombestemt seg. No vil dei ha naudnett i Høyangertunnelen likevel.

Fylkesutvalet snur om naudnett

FORSIKTIGE FINGRAR: Berre Senterpartiet sine tre representantar røysta i fylkesutvalet mot å bruke 20 millionar på naudnett i Høyangertunnelen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fleirtalet i fylkesutvalet samla seg om eit vedtak om å bruke 20 millionar kroner på å lage naudnett i Høyangertunnelen. Berre Senterpartiet sa nei.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

SEIER NEI: Jenny Følling og Senterpartiet var dei einaste som stemte mot naudnett i fylkesutvalet i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det handlar om økonomi og presedens. Vi må kunne forklare kvifor ein tunnel får pengar, medan andre ikkje gjer det. Vi har faktisk ikkje råd til dette. Vi legg opp til å bruke meir av pengane vi ikkje har til tunnelsikring framover, sa fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

Fyrste gong fylkespolitikarane hadde saka til handsaming sa dei nei til naudnett og DAB i den 7543 meter lange tunnelen mellom Høyanger og Balestrand. Den skal rustast opp for 170 millionar kroner. Då vart det sagt at det ville koste 50 millionar for digitalt samband i. No er det kostnadsrekna til 20 millionar.

Høyangertunnelen

FÅR NAUDNETT: Den endelege avgjerda om naudnett i Høyangertunnelen blir teken på fylkestinget i morgon.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Utan rot i røynda

Det er tunnelforskrifta som seier at nye tunnelar med mykje trafikk skal utrustast med digitalt naudnett og DAB-dekning. Men forskrifta omfattar ikkje tunnelar med låg trafikk, slik som dei fleste i Sogn og Fjordane.

Nils P. Støyva

STEMTE FOR: Nils P. Støyve (Ap) meiner tunnelforskrifta er eit skrivebordsdokument utan rot i verkelegheita.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nils P. Støyva (Ap) har liten sans for kriteria som ligg til grunn.

– Du skulle nesten tru at dei som har laga denne forskrifta berre har køyrd Vålerengatunnelen. Det er eit skrivebordsdokument som manglar rot i verkelegheita, seier han.

Han kunngjorde at Arbeidarpartiet kom til å snu i denne saka. Dei har tidlegare sagt nei.

Frykta presedens

Fylkesrådmann Tore Eriksen hadde innstilt på å seie nei til naudnett. Han frykta det ville skape presedens, som ville gjere at dei må bruke millionar på å byggje naudnett i mange andre tunnelar.

Det er 33 tunnelar i fylket som er lenger enn 1000 meter. Ingen av dei har ein så høg trafikk at dei automatisk ville falle inn under tunnelforskrifta (4000 køyretøy i døgnet), men fire av dei får det likevel.

13 av desse resterande tunnelane har høgare trafikk enn Høyangertunnelen. Mellom anna tre tunnelar mellom Øvre Årdal og Årdalstangen på fylkesveg 53.

Lærdom frå tunnelbrann

Noralv Distad er fylkesgruppeleiar for Høgre og ordførar i Aurland. Han meiner det uansett er riktig å bruke desse pengane.

Noralv Distad avsluttande valdebatt 10. september 2015

STEMTE FOR: Noralv Distad (H) meiner brannen i Gudvangatunnelen viste kor viktig naudnett er.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– No har vi sjansen til å få dette på plass. Under brannen i Gudvangatunnelen såg vi kor viktig naudnett er. Det vil vere meiningslaust om vi må ta att dette seinare til ein høgare pris.

Saka skal opp til endeleg avgjerd i fylkestinget tysdag. Fleire av partia understreka at dei skal diskutere den grundigare på gruppemøte måndag kveld.