Hopp til innhold

Såg fjellet opne seg

GUDVANGEN (NRK): Ole Martin Gilbu stod og fiska då han vart augevitne til raset i Gudvangen tysdag.

Roar Gilbu, Jan Eide, Ole Martin Gilbu og Johnny Steensen

Her ser (f.v.) Roar Gilbu, Jan Eide, Ole Martin Gilbu og Johnny Steensen på film av dei dramatiske minutta då det raste i Gudvangen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg var ved elva og fiska då det første raset kom. Dalen her lagar mykje ekko så det vart høg lyd. Eg tok fram mobilen og starta å filme, fortel Gilbu.

Då ras nummer to kom, bestemte Gilbu seg for å springe opp til vegen for å sjå om det hadde kome ned stein der.

Det låg steinar i vegbana og det kom mange bilar. Så dukka far min Roar Gilbu og Johnny Steensen opp. Dei starta å sperre trafikken, for dei meinte det ville rase meir. Så opna fjellet seg, steinane kom i ein enorm fart nedover.

E16 mellom Gudvangen og Voss er stengd av eit steinras. Foto: NRK-tipsar

MIDT I RASET: Denne NRK-tipsaren hamna midt i raset i Gudvangen tysdag.

Stod om sekund

– Johnny og Roar gjorde ein veldig god jobb med å få bort folka og bilane på vegen. Det var snakk om sekund.

ras

STENGD: E16 gjennom Gudvangen blir truleg stengd i fleire dagar etter raset tysdag ettermiddag.

Foto: NRK

Gilbu fortel at dei måtte springe for å kome seg unna raset, og at det stod om meter då steinane kom flygande mot dei.

– Johnny var nærast, det kom ein stein på størrelse med ein halv bil flygande rett bak han.

Nokre meter frå døden

Johnny Steensen returnerte saman med Roar Gilbu til rasstaden, etter først å ha kome seg i sikkerheit. Dei tok til å dirigere bort bilar, og Steensen var den av dei som var nærast å bli treft av raset. Han vart overraska då han fekk sjå kor nært det var, på filmen Ole Martin Gilbu tok av raset.

Foto: Ole Martin Gilbu

HER GÅR RASET: Det vart dramatisk då Roar Gilbu og Johnny Steensen dirigerte bort bilane ved rasstaden i Gudvangen.

– Sjå der du. Akkurat i den situasjonen oppfatta eg ikkje kor nær det var, men å sjå det slik gjer meg litt meir shaky. Det blir nok vanskeleg å sove i natt, men det viktigaste er at eg trur vi redda fleire liv i dag.

Teppe av røyk

– Eg har vore i dalen her mange gonger før og eg har og sett og høyrd ras tidlegare, men det som var rart her er at alt berre opna seg. Det kom som eit teppe av røyk nedover, fortel Ole Martin Gilbu.

Ingen var skadd i raset tysdag, men E16 gjennom dalen vert truleg stengd i fleire dagar. Gilbu er sikker på at det svært lett kunne blitt endå verre i Gudvangen tysdag.

– Det var veldig nær, hadde det ikkje vore for Johnny og Roar hadde det gått veldig gale med både bilane som stod der, og trafikken på vegen.

ras
Foto: NRK