NRK Meny
Normal

– Eg trur nok vi redda seks eller sju liv i dag

GUDVANGEN (NRK): Johnny Steensen fekk med seg ein kamerat og byrja å dirigere vekk bilar då det raste i Gudvangen i kveld. Medan steinblokker dundra ned mot dei, fekk dei åtvara andre sjåførar.

skjegg

Då dei sjølv hadde kome seg i sikkerheit valde Steensen og ein kamerat å snu for å hjelpe andre sjåførar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ramla ned steinar store som minibussar og knuste vegbana, eg trur nok heilt sikkert at vi redda seks eller sju liv der oppe i dag, seier Steensen.

Steensen driv ein campingplass i nærleiken, og han var ein av dei som hamna midt oppi raset. Han ringde NRK kort tid etter at det første raset hadde gått, og då var han framleis ikkje sikker på om han var trygg eller ikkje.

Nede att på campinga stod han og såg på at eit andre ras raste nedover fjellsida, og då bestemte han seg for å gjere noko.

– Eg og ein kamerat tenkte at no kjem det til å kome endå fleire ras, så vi heiv oss i bilane og køyrde oppover mot raset att.

Foto: Ole Martin Gilbu

HER GÅR RASET:Det var dramatisk då dei stoppa bilane. Foto: Ole Martin Gilbu

Vil ta dagar

Ein geolog har no undersøkt området, og kome fram til at det lyt sprengast ut eit stort område før det blir trygt å ferdast eller opphalde seg i området. Truleg vil det gå minst to dagar.

– Det er eit under at ikkje liv har gått tapt. Mange bilar har vore svært nær raset, seier innsatsleiar i politiet Frank Liestøl.

Tidlegare tysdag ettermiddag har Flenja-, Gudvanga- og Stalheimstunellen vore stengd. Men no er Flenja- og Gudvangatunnelen opna igjen, det er likevel omkøyring over Vikafjellet for dei som skal til og frå indre Sogn og over Hardangervidda for andre.

E16 mellom Gudvangen og Voss er stengd av eit steinras. Foto: NRK-tipsar

HAMNA MIDT I: Denne NRK-tipsaren hamna midt i raset.

ras
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.