Hopp til innhold

– Store steinar større enn bilar stengjer E16

E16 mellom Gudvangen og Voss er stengd av eit steinras. – Det kjem ras heile tida, sa eit vitne NRK prata med rett etter at det store raset gjekk klokka 17 i dag.

E16 mellom Gudvangen og Voss er stengd av eit steinras. Foto: NRK-tipsar

HAMNA MIDT I: denne NRK-tipsaren hamna midt i raset

Raset har gått kring ein kilometer vest for Gudvangen, i retning Voss. Politiet har gjennomsøkt rasområdet og ingen personar eller bilar er trefte av raset.

– Det er store steinar som rasar ned. Det ligg i allefall fire blokker i vegen, og det kjem meir ned heile tida, seier Johnny Steensen, som stod midt i raset.

Då NRK prata med han prøvde han og ein annan å kome seg vekk så fort som mogleg.

STEIN

STOR: steinar så store som bilar ligg midt i vegbana mellom Gudvangen og Voss

Foto: Jonni Stensen

Tre tunnelar stengde

Flenjatunnelen, Gudvangatunnelen og Stalheimstunnelen på E16 mellom Aurland og Voss har alle vore stengde, melder vegtrafikksentralen. No er det berre Stalheimstunnelen som er stengd.

Les også: Delar av E16 stengd i fleire dagar framover

Dei er likevel omkøyring via Vikafjellet for dei som skal til og frå indre Sogn, og Hardangervidda for andre.

Ras Gudvangen

Statens Vegvesen melder at vegen kjem til å vere stengd lenge og at geolog er på veg til staden for å vurdere rasfaren. Vegen har fått omfattande skader og vil mest truleg verte stengd i fleire dagar, ifølgje politiet på staden

Store køar

Det skal vere store køar på E16 no, og vegtrafikksentralen melder at det vert sett inn ekstra ferjer på alle omkøyringsvegar.

– Det gjekk fire ras, og det tredje tok vegen. Det ligg steinar der som er så store at det ikkje er klokt, seier Jon Martin Olsen som er næraste nabo til raset.

Han fortel at heile dalen no har mista straum, internett og vasstrykk.

ras

DIMENSJONAR: Dette bilete, teke frå helikopter, syner dimensjonane på raset

Foto: NRK

Fleire bilar skal vere innestengde

Jan Eide frå Larvik stod og fiska i rett nedanfor der raset gjekk, og fekk god utsikt til det som skjedde. No står bilen hans innesperra mellom steinblokker. Han kjem seg altså ingen plass med det første.

– Eg stod og fiska då eg plutseleg høyrde eit forferdeleg bråk. Eg snudde meg og såg opp, og då såg eg heile fjellet losne frå kvarandre i sakte film.

Eide byrja å klatre mot bilen sin medan steinspruten hagla rundt han. Til alt hell kom han seg like heil fram til bilen, men han rakk berre å få med seg lommebok før han sprang vidare. No står bilen fast, men han ser ikkje ut til å vere øydelagd.

– Det er heilt utruleg at liv ikkje har gått tapt i dette raset. Det var heilt enorme krefter i spel, og det var mykje trafikk på vegen, seier Eide.

Stein og bil
Foto: Jonni Stensen
ras i gudvangen

Turistar midt i raset

Då raset tok til såg han to turistar som hamna midt i raset og måtte gøyme seg.

– Steinspruten stod rundt hovudet på dei, seier Olsen.

No skal turistane ha kome seg i tryggleik, men Olsen seier at veret ser ut til å gå mot meir regn, og han er redd for at det skal rase meir.