Hopp til innhold

Såg at gneisteregn frå kraftlinje starta brannen

Gneistar frå ei kraftline er truleg årsaka til skogbrannen i Vågsøy.

Magnar Nygård blei vitne til brannen i Vågsøy

AUGEVITNE: Magnar Nygård såg gnistar og røyk frå kraftlina bak huset sitt. Han trur dette er årsaka til skogbrannen i Vågsøy.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg såg gneistar og røyk frå kraftleidninga. Brannen må ha starta der, seier Magnar Nygård.

Han var næraste nabo til brannen som starta i i Vågsøy i dag.

– Det er ei stor steinur bak huset vårt og eg trudde aldri det skulle byrje å brenne her. Det brann alle plassar det kunne brenne, fortel Nygård.

Han priser seg lukkeleg over at den sterke vinden kom frå sør.

– Hadde vinden kome frå nord i staden frå sør, ville brannen gått rett mot husa. Vi hadde flaks.

Kva tenkjer du om innsatsen frå brannvesenet?

– Dei gjorde ein fantastisk jobb då dei greidde å sløkkje brannen.

Ikkje funne feil på kraftlina

Nettdirektør i Sogn og Fjordane Energi,. Asgeir Aase, fortel at dei ikkje har funne noko feil på linenettet.

– Våre eigne folk har undersøkt kraftlina, men vi har ikkje funne noko gale.

Kva kan då vere årsaka til at det har vore sett gneisteregn frå kraftlina?

– Det kan ha vore ein forbigåande feil på lina. Det kan til dømes vere at ein fugl har treft lina og at det har skapt gneistar, seier han.